Ringing av prøveresultat v. 2.25

Hensikt

Å sikre at rekvirenten får ringt prøveresultat når dette er bedt om, eller når resultat er utanfor definerte grenser.
Å sikre at rekvirenten/annan ansvarleg/pasienten får meldt prøveresultat som er alvorleg avvikande, og der det kan vere risiko for pasienten at lege ikkje blir gjort kjend med resultata.

Omfang

Rutinar for utringing av avvikande prøveresultat ved Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank alle seksjonar. Omfattar analyseresultat utført heile døgnet både på innlagde og polikliniske pasientar tatt på sjukehuset og prøver mottatt frå primærhelsetenesta.

Historikk

Ringegrensene gjeld frå 1. desember 2015 og er utarbeidd av overlege dr.med Jon Kvannes og laboratoriefagleg rådgivar Lutz Schwettmann.

Ansvar

Alle tilsette ved Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank har ansvar for at prøveresultat som er utanfor definerte grenser i vedlegg Ringegrenser, vert ringt.

Utringing av prøveresultat

Før resultat blir ringt, skal vi forsikre oss om at prøveresultatet er korrekt og vurdere det opp mot opplysningar i forordnings-/rekvisisjonskommentar og eventuelle tidlegare prøveresultat.

Dersom det er sterk mistanke om falskt resultat på grunn av preanalytiske feil må dette vidareformidlast i telefonsamtalen. Spesielt ved utringing av patologiske resultat til legevakt om kvelden/natta kan det være aktuelt å be legevakta om å be pasienten kome for ny prøvetaking i staden for å legge pasienten inn. Framgangsmåten må vurderast i kvart enkelt tilfelle og avgjeras av legevakt. Det er derfor viktig med en god dialog.

Konferer gjerne med arbeidskollega og/eller fagbioingeniør/seksjonsleiar.

For medisinske spørsmål knytt til patologiske analyseresultat kan ein kontakte:

  • Laboratoriefagleg rådgivar Lutz Schwettmann tlf: 70 10 56 24 (jobb) - mobil: 957 56 294

Analyseresultat ringast til avdeling/lege/poliklinikk/legekontor så snart som råd.

Resultat som skal ringast vil legge seg på oppfølgingslister i LIMS etter definerte kriterium, sjå avsnittet «Dokumentasjon» .

Er du i tvil, kan du også ringje ut andre patologiske prøveresultat – bruk sunn fornuft!

Prøveresultat på innlagde pasientar

Kl: 08-15

For Volda: heile døgnet, kvardagar, helg og høgtid

Ring avdeling, be om å få snakke med ansvarleg sjukepleiar for aktuell pasient, eventuelt pasienten sin lege. Presiser at det gjelder avvikande prøveresultat.

Kl: 15-08 kvardagar og heile døgnet helg og høgtid

Resultat skal ringast direkte til primærvakt (evt. sekundærvakt). For dei avdelingane som ikkje har primærvakt skal det ringast direkte til lege som er oppgitt på vaktliste. Vaktliste for kvart sjukehus finnast på Innsida HMR Vaktlister

Kristiansund

Molde

Ålesund

Bruk vaktliste på intranett. Ring/call til primærvakt. 

Anestesi: 92 + 4700
Auge: 92 + 4680
Gyn: 92 + 4660
Kir: 92 + 2892
Kreft: 92 + 2377
Med: 92 + 4633
Ort: 92 + 2891
Ped: 92 + 3147
Psyk: 92 + 2173
Røntgen: 92 + 4650
ØNH: Brukar personlig calling

Polikliniske prøveresultat

Ringast til aktuell poliklinikk. På kveldstid skal prøveresultatet ringjast til vakthavande lege/sekundærvakt ved tilsvarande sengepost. Ved tvil ta kontakt med mottakinga.

Prøver frå primærhelsetenesta

Ringast til rekvirerande lege. På kveldstid ringer vi til vakthavande lege ved legevakta i den aktuelle kommunen. Ring 116117. Du kjem da enten direkte til næraste legevakt eller du kan taste «0» for å be om å bli sett over til legevakt i aktuell kommune. Laboratoriet kan også ringe rekvirerande lege utanom opningstid, dersom avtale om dette føreligg.

Volda kan ringe direkte til legevakt Ørsta/Volda. Tlf: 70074382.

Dersom vi ikkje får kontakt med den aktuelle lege/kommunelegevakt eller dei ikkje tek ansvar gjerast følgjande:

Pasientar ≤ 18 år kontakt:
Volda og Ålesund: Vakthavande lege ved Poliklinikk/sengepost Barn og ungdom i Ålesund, Call 92-3147

Molde og Kristiansund: Vakthavande lege ved Poliklinikk/sengepost Barn og ungdom i Kristiansund, tlf: 91361160

Pasientar > 18 år kontakt:
Vakthavande lege ved Medisinsk avdeling

Volda: Tlf: (7016)8755, sjå vaktliste Innsida HMR Vaktlister

Ålesund: Call  92- 4633

Kristiansund: 94-22373 eller 90793744

Molde: 46889646, evt. sjekk vaktliste – heng ved prøvetakingen

I dei tilfella patologiske prøveresultat blir ringt til andre enn hovudrekvirent, skal legekontoret likevel varslast så tidleg som mogleg første arbeidsdag.

Beskjed/ringeliste leggast i ringekorg på kontoret/ekspedisjonen slik at resultatet blir ringt til hovudrekvirenten neste dag.

NB! Pasienten kan reservere seg frå at prøveresultatet skal ringast til andre enn rekvirerande lege. Dette handterast i tråd med tilgjengeleg dokumentasjon/opplysningar.  

Dokumentasjon

Resultat som skal ringast/vurderast for ringing, vil legge seg på oppfølgingslister i LIMS. Dette skjer etter definerte kriterium basert på gjeldande ringegrenser. For meir detaljar om oppfølgingslister, sjå Aksjonsoversikt for Beaker (Ikke tilgjengelig) og «vedlegg 07 Oppfølgingsliste»

Når eit resultat er ringt ut, skal dette dokumenterast i LIMS. Legg inn tidspunkt, namnet og/eller tittel på den som motteke prøveresultatet.

Be mottakar repetere prøveresultatet slik at vi er sikre på at det er korrekt oppfatta!

Det finnast ulike måtar å dokumentere at ringinga er utført i LIMS. Det kan vere hensiktsmessig å nytte kommunikasjonslogg (komm.logg), sidan den inneheld nyttige funksjonar/felt for dokumenteringa. Komponentkommentar kan nyttast dersom dokumentasjonen skal vere tilgjengeleg eksternt.

-       Kommunikasjonslogg kan finnast på følgjande måtar (Intern kommentar):

o   Via «Oppfølgingslister» for ringeoppgåver. Sjå vedlegg «07 Oppfølgingsliste» i Aksjonsoversikt for Beaker (Ikke tilgjengelig) for meir detaljert beskriving.

o   Via «Prøveoppslag». Marker komm.logg-symbolet for aktuell komponent, sjå utgula felt på bildet under. Kommunikasjonsloggen vil då bli tilgjengeleg for utfylling.

-       Komponentkommentar via Resultatregistrering. (Ekstern kommentar).

I tilfelle der det er vurdert at det ikkje er behov for utringing, kan dokumentasjon for dette leggast til i feltet «Hendelsesdetaljer» under «Kritiske prøvesvar» i oppfølgingslista. Sjå vedlegg «07 Oppfølgingsliste» i Aksjonsoversikt for Beaker (Ikke tilgjengelig) for meir detaljert beskriving

I Molde og Kristiansund førast prøveresultat som skal ringast på eigne lister for kvart fagområde. På lista skal det førast dato, lab.nummer, pasientnamn, rekvirent, signatur til den som har ringt og kva for analyse som er ringt.

Utringing av midlertidige analyseresultat

I enkelte situasjonar kan vi bli bedt om å gi ut analyseresultat før det er endeleg verifisert. Dette kan til dømes vere ved sterk eigenfarge på prøvematerialet, behov for fortynning, eller andre årsaker der vi ikkje er sikre på at prøveresultatet er korrekt.

I slike situasjonar er det veldig viktig at vi dokumenterer kva analyseresultat vi har gitt ut og kven som har motteke resultatet. Opplysningane skal registrerast som kommentar i LIMS.

Legg inn resultatet i resultatfeltet i Resultatregistrering. Verifiser svaret som «Verifiser foreløpig svar» og skriv ein kommentar på rekvirert analyse i feltet «K». Kommentaren skal innehalde kva analyseresultat som er gitt ut, kven mottakar av resultatet er og tidspunkt for når resultatet er gitt ut munnleg. Presiser at dette er eit midlertidig resultat, og gjerne årsak til kvifor resultatet er midlertidig.

Viss resultatet i ettertid blir korrigert til eit endeleg resultat skal dette dokumenterast i LIMS ved å legge til meir informasjon på kommentaren og verifisere resultatet i Resultatregistrering.

Vedlegg

-       Ringegrenser

-       Skjema for ringing av prøveresultat for Medisinsk biokjemi og blodbank Kristiansund og Medisinsk biokjemi og blodbank Molde

Relatert

Mottak av prøveresultat som er ringt ut fra laboratoriet (Ikke tilgjengelig)

Aksjonsoversikt for Beaker (Ikke tilgjengelig)