Sikre trygg overgang til kommunehelsetenesta for kvinner og nyfødde som har hatt barselopphald ved sjukehusa i Helse Møre og Romsdal HF.
Etter utskriving frå barselavdelingane vil oppfølging av mor og barn primært skje ved helsestasjonane (kommunehelsetjenesta).
Barselpoliklinikk er eit supplement til tilbodet i kommunen dei første 14 dagane etter fødsel - og tar sikte på å:
Ø følge opp nyfødde etter bestemte kriterier (sjå under handling)
Ø fylle «gapet» frå utskriving til det er oppretta kontakt med helsestasjonen –gjeld i tida utanom helsestasjonane sine opningstider
Ø vere kontaktpunkt for kommunejordmor/helsesjukepleiar/lege ved behov for tilvising for vurdering av nyfødd og/eller barselkvinne
Prosedyren gjeld for jordmødrer og barnepleiarar ved føde-barsel seksjonane, og for gynekologar og barnelegar etter tilkalling.
Avdelingssjef og seksjonsleiarar ved føde-barsel seksjonane har ansvar for organisering av barselpoliklinikkane.
Jordmor og barnepleiar ved føde-barsel seksjonane har ansvar for dei polikliniske konsultasjonane.
Barnelege har etter tilkalling ansvar for medisinsk vurdering av nyfødde.
Gynekolog har etter tilkalling ansvar for medisinsk vurdering av barselkvinner.
Ø Nyfødtscreening, vektkontroll og eventuelt hørselsscreening i samband med tidleg heimreise (før 48 timar)
- kommunar med kompetanse og utstyr kan sjølv ivareta oppfølging etter utskriving (p.t. «JordmorHeim» i Haram)
Ø Vurdering/oppfølging av hyperbilirubinemi (gulsott)
- når barnelege ved utskriving har vurdert behov for oppfølging/prøvetaking
Ø Vektkontroll hos utsette barn
- når barnelege ved utskriving har vurdert behov for oppfølging
Ø Barnelegeundersøking – når den ikkje er utført under barselopphaldet
Ø Undersøking av barn etter planlagt heimefødsel: nyfødtscreening, hørselsscreening, O2-metning, vektkontroll og barnelegeundersøking
Ø Tilvising frå kommunehelsetenesta (jordmor, helsesjukepleiar eller lege) ved behov for spesialistvurdering
Ø Ammeproblem som krev oppfølging etter utskriving –gjeld utanom helsestasjonens opningstid
Ø Tilvising frå kommunehelsetenesta (jordmor, helsesjukepleiar eller lege) ved behov for spesialistvurdering
NB! Ved behov for akutt helsehjelp skal AMK (113) kontaktast – unngå at konsultasjon ved barselpoliklinikk blir eit forseinkande ledd
Ø Jordmor/barnepleiar kartlegg situasjonen i samarbeid med barselkvinna
- tiltak og vidare oppfølging vil vere avhengig av aktuell problemstilling
- barnelege blir kontakta ved behov
- gynekolog blir kontakta ved behov
Ø Jordmor/ barnepleiar planlegg tiltak/oppfølging i samarbeid med kvinna og eventuelt barnelege/gynekolog
Ø Jordmor/barnepleiar dokumenterer og sender med kvinna utskrift frå journalnotat/ revidert fødselsepikrise
Ø Sørg for vidare oppfølging i kommunehelsetenesta
- helsestasjonen får tilsendt utskrift av journalnotat frå konsultasjonen /revidert fødselsepikrise
- jordmor/barnepleiar vurderer telefonisk kontakt til helsestasjonen – sørg for å ringe seinast neste virkedag
Ø oppfølging vidare skal i regelen skje i kommunehelsetenesta (helsestasjon, fastlege)
Ø Iverksette tiltak og plan for oppfølging skal dokumenterast i Natus (jordmor/barnepleiar) og/eller DocuLive (legar)
Ø Jordmor/barnepleiar eller lege (når det er aktuelt) fyller ut kodeskjema ved alle polikliniske konsultasjonar (eige poliklinisk skjema)
Ø Sekretær sender ut revidert fødselsepikrise og besøks-registrerer (MyWay2Pas) alle polikliniske konsultasjonar etter å ha mottatt utfylt kodeskjema frå jordmor/barnepleiar/lege
Kristiansund sjukehus: 71 12 18 11
Molde sjukehus: 71 12 17 60
Volda sjukehus: 70 05 83 61
Ålesund sjukehus: 70 10 59 30
Relatert/Vedlegg
Velkommen til barselpoliklinikk – Sjukehusa i Møre og Romsdal
Utskriving mor og barn – Avdeling for fødselshjelp og kvinnesjukdommar
Barseltida i HMR – Oppfølging etter utskriving
Nasjonal faglig retningslinje for barselomsorgen. Helsedirektoratet 2014.