Familierom/-døgn -ved føde/barselavdelingane i HMR v. 1.2

Hensikt og omfang

Tilbodet familierom/-døgn i barselavdelingane skal bidra til å gi den nye familien ein optimal start og tilknytning til det nye familiemedlemmet.

Sikre at alle kvinner /par vurderast ut i frå samme prioriteringskriterier

Gjeld for alle føde-/barselavdelingane ved sjukehusa i Helse Møre og Romsdal

 

Ansvar

Jordmødre og barnepleiarar ved føde/barselavdelingane.

 

Handling

Informasjon om familierom /-døgn blir gjort kjent for den gravide og partner i informasjonsbrosjyra som blir utdelt ved tilbod om ultralydscreening i veke 18. Informasjonen blir gjentatt ved innlegging i føde/barsel-seksjonen.

Jordmor /barnepleiar på føden avtaler med jordmor på barsel i forhold til familierom/-døgn og kapasitet for det.

Ved  tildeling av familierom/-døgn må partner informerast om at han/ho skal vere der til hjelp og avlastning for mor/barn.

 

Definisjon familierom/-døgn

Ø  Rom kor dei nybakte foreldra og det nyfødde barnet får bo saman

Ø  Alle rom i barselseksjonen kan vere familierom – det er pasienten på rommet som definerer statusen til rommet, dette for å unngå at pasientane må flyttast rundt undervegs i opphaldet

Ø  Familierom tildelast for eit døgn om gongen for å sikre at flest mogleg skal få anledning til å nytte seg av tilbodet

 

Kriterier for tildeling av familierom

Familierom/-døgn prioriterast slik utifrå kapasitet i avdelinga

1.    1. gongsfødande  

2.    spesielle behov (m.a. langvarig og traumatisk fødsel og fødselsoppleving, stor bløding, sjukdom hos mor eller barn, store psykiske vanskar mor, sectio/instrumentell forløysing)

3.    lang reiseveg

4.    alle andre dersom kapasitet

 

Betaling

Partner som bor saman med kvinna og barnet i familierom betaler ein fast pris pr. døgn etter gjeldande satsar. Betaling dekker også alle måltid for gjeldande døgn.

Om partner overnatter saman med kvinna før fødsel ( td under induksjon) må han/ho også betale. Her må utvisast skjønn mht til spesielle tilfelle som td dødfødsel.

Faktura kjem i posten frå økonomiavdelinga i HMR, om lag 14 dager etter opphaldet.

Det er viktig at faktura vert påført partner sitt personnummer i tillegg til adresse og at han/ho signerer ved utreise.

           

Relatert

 

Fakturagrunnlagskjema for familierom - SNR Molde

Fakturagrunnlagskjema for familierom -  Volda

Fakturagrunnlagskjema for familierom -  Ålesund  

 

Referansar

Nasjonal faglig retningslinje for barselomsorgen –«Nytt liv og trygg barseltid for familien» 2014

Regional plan for svangerskaps-, fødsels –og barselomsorg i Helse Midt-Norge  2015-2020