Amming: Brystreduksjon v. 1.1

Hensikt og omfang

 

Gje helsepersonell kunnskapsbasert informasjon om brystreduksjon og amming slik at kvinnene som føder på HMR sine fødeavdelingar får optimal start på amminga etter brystreduksjon og hjelp til delamming om ikkje kvinna får nok mjølk.

Gjeld kvinner som har barselopphald ved barselavdelingane i Møre og Romsdal

 

Ansvar

 

Jordmødre i svangerskap og barseltid og barnepleiarar i Helse Møre og Romsdal

 

Handling

 

Ved innkomst:

Ø  Kartlegg om mogleg årsak til operasjonen

 

Ø  Kartlegg eventuelt tidlegare ammerfaring og kvinna sin kunnskap om brystreduksjon og amming

 

Ø  Gje kvinna informasjonsskriv om amming og brystreduksjon (sjå under relatert)

 

Ø  Ammeveiledning

o   Amme ofte, eventuelt handmjølke eller pumpe brysta hvis barnet sug lite

o   Informere om - og legge til rette for hud –mot –hud-kontakt

o   Gode ammestillingar og rett sugetak

o   Vurder eventuelt behov for morsmjølkerstatning fortløpande og saman med kvinna.

o   Vurder bruk av hjelpebryst

o   Gje eventuelt tillegg på kopp.

o   Tilby kvinna Syntocinon - spray frå 1.dag for å bedre utdrivningsrefleksen. Spray takast rett før amming og kan gjentakast under amming.

o   Tilby avlasting, så kvinna orker å amme ofte

o   Gje kvinna ros for den ekstra innsatsen

o   Eventuelt tidleg nettovekt

 

Ved utreise:

Ø  Sikre at kvinna veit kor mykje mat barnet treng, og at ho eventuelt gir morsmjølkerstatning. Det kan enno vere for tidleg å seie kva nivå mjølkeproduksjonen vil legge seg på.

Ø  Sørge for kommunikasjon med helsestasjonen for vidare oppfølging, om det tyder på at mjølkeproduksjonen er nedsatt. Avtale eventuell vektkontroll

Ø  Kontrollere at kvinna kjenner til teikna på at barnet får i seg nok mjølk.

Ø  Støtt og ros kvinna for innsatsen ho gjer.

Ø  Eventuelt ordne med resept på Syntocinon spray.

 

Om kvinna ikkje har fått noko mjølkeproduksjon etter 3-5 dagar, avsluttast det intensive forsøket og kvinna får opplæring i å gje morsmjølkserstatning med flaske.

 

Barnet kan fortsatt amme på brystet for kosen og tilknytninga si skuld.

 

 

 

Relatert

Ammeprosedyra

 

Referanser

«Hvordan du ammer ditt barn»

Amming –en håndbok for helsespersonell-2016