Gje helsepersonell kunnskapsbasert informasjon om pumping av brysta slik at kvinnene som føder i HMR sine fødeavdelinger får optimal veiledning og informasjon når pumping er nødvendig.
Jordmødre og barnepleiarar i Helse Møre og Romsdal
Grunnlagsinformasjon
Normalt er det ikkje nødvendig å pumpe, men det kan av og til vere til stor hjelp dersom kvinna er skilt frå barnet sitt, barnet er sjukt, sugesvakt eller fødd for tidleg. Det kan også vere nødvendig å pumpe litt når kvinna har brystspreng, men nok mjølk.
Ved midlertidig bruk av medikament som ikkje er forenleg med diing er pumping viktig for å oppretthalde mjølkeproduksjonen.
Nokre kvinner ønsker å gje barnet sitt brystmjølk, men ikkje amme.
For dei fleste er det nødvendig å pumpe meir enn 6 gonger i døgnet eller 120 minutt enkeltpumping (60 minutt dobbeltpumping).
Pumping anbefalast også ved bruk av brystskjold for å stimulere mjølkeproduksjonen. Pump då to ganger pr døgn.
Pumping for å starte mjølkeproduksjonen
Ø Kom i gang innan 6 timer etter fødselen
Ø Handmjølking kan her vere mest praktisk då det kun er dråper mjølk i starten, eventuelt både pumpe og handmjølke.
Ø 6-8 gonger i døgnet
Ø Dobbeltpumping stimulerer mjølkeproduksjonen betre enn enkeltpumping fordi det blir frigjort meir prolaktin og ein sparer tid (det går dobbelt så fort).
Pumping for å auke mjølkeproduksjonen
Ø For å auke mjølkeproduksjonen anbefalast det å mjølke brystet minst kvar 2. time- pumpe opptil 12 gonger.
Ø Det er meir effektivt å pumpe kortvarig og hyppig, i staden for lenge og sjeldan.
Ø Om natta 3.kvar time eller seint på kveld og tidleg på morgonen viss mor er ekstremt sliten men viktig å prioritere pumping også. Om natta aukar prolaktin-nivået mest.
Pumping for å oppretthalde mjølkeproduksjonen
Ø Pumpe 5-6 gonger i døgnet
Ø Pumpe slik at ein opprettheld mjølkebehovet til barnet
Framgangsmåte
Pumping
Ø Hent fram pumpe og pumpeutstyr
Ø God handhygiene hjå personell og kvinne
Ø Stimuler utdrivingsrefleksen – lat kvinna massere brystet med flat hand, stryke/rulle brystknoppane
Ø Start pumpa på eit minimum og auk gradvis oppover så langt det kjennes greitt og ikkje blir vondt. Tofasepumper styrer dette automatisk. Pump 10-20 minutt .Der produksjonen er i gong til det berre drypp sakte.
Ø Førebu kvinna på at det ikkje nødvendigvis kjem så mykje mjølk dei første gongane ho pumper
Ø Syntocinon spray vurderast i kvart enkelt tilfelle og kan vere til god hjelp i starten. Gis kun ved behov (reseptbelagt)
Oppbevaring
Ø Oppbevar mjølka i reine behaldarar merka mor sitt namn, dato og klokkeslett i kjøleskap
Ø Haldbar 3 døgn i kjøleskåpet (maks 4 gr C) eller 6 månader i frysar ved minus 18 gr C.
Reingjering av pumpeutstyr
Ø Pumpeutstyr (flasker og pumpetrakt med smådeler ) vaskast i spesialvaskemaskin etter kvar bruk på sjukehuset.
Ø Kvinna informerast om å koke utstyret i 5 minutt heime.
Ø Ved bruk til ny kvinne- vask også slangar og over pumpa med såpevatn
Del ut informasjonsark til kvinna om pumping (sjå relatert)
Aktuelle prosedyrer, vedlegg og lenker ligger under fanen «Relatert»
Ammehjelpen.no
Amming- en håndbok for helsepersonell. Fagbokforlaget 2021