Gje helsepersonell kunnskapsbasert informasjon om handmjølking av brystene slik at kvinnene som føder i HMR sine fødeavdelingar får optimal informasjon om handmjølking.
Målet vårt bør vere at alle barselkvinner som ammer kan å handmjølke når dei reiser heim.
Jordmødre og barnepleiarar i Helse Møre og Romsdal
Før handmjølking
Ø Sørg for at du har tilstrekkeleg tid, at kvinna kjenner seg trygg og er skjerma frå andre pasienter.
Ø Rommet må vere godt temperert og ho må sitte godt .
Ø Varmt bryst, nyleg dusj og varm drikke vil stimulere utdrivingsrefleksen.
Ø Ta gjerne med eit «tøybryst» til å vise med og oppsamlingskopp for mjølk (beger, kopp, skål)
Ø Hjelpar og kvinne må ha vaska hendene.
Stimulering av utdrivningsrefleksen (meir informasjon sjå bakgrunn):
Ø Massere brystet ved forsiktig og med sirkelbevegelsar, stryke det og rulle brystknoppen mellom fingrane
Ø Stimulering av utdrivingsrefleksen tek som regel eit par minutt
Ø Bruk av Oksytocin nasespray er sistevalg og brukast ikkje som ein regel, men kan vere ei god hjelp.
Handmjølking
Ø Plasser tommelen på oversida av utkanten av det brune området (areola) og peikefingeren i utkanten av areola på undersida av brystet.
Ø Trykk forsiktig innover mot brystkassa før du klemmer fingrane saman og mjølkar mjølka ut
o Det kan ta eit minutt før første dråpane kjem og viktig å ikkje gje opp !!
Ø Gjenta dette til området kjennes mjukt ( ved brystspreng ) eller det ikkje kjem meir mjølk
Ø Skift tak med tommel og peikefinger medan du støtter sjølve brystet med dei andre fingrane
Ø Gjenta dette rundt heile areola sine utkantar
Ø Skift tak fleire gonger og bruk begge hendene vekselvis
Ø Heile prosedyra skal, når du har fått litt trening, ikkje ta meir enn 20-30 minutt
Ø Handmjølk minst 6-8 gonger dagleg, omlag 10 minutt på kvar side kvar gong
Del ut informasjonskriv til kvinna og/eller vis til video frå ammehjelpen (begge ligg som vedlegg til prosedyra)
Handmjølking før fødselen
Barn til mødre med forventa lite barn, sjukt barn, stort barn, pcos, diabetes eller kvinner som har hormonelle grunner til lav mjølkeproduksjon eller skal ta keisarsnitt, kan handmjølke frå veke 37.0.
Kontraindikasjon er blødninger, at kvinna står i fare for prematur fødsel eller at kvinna har fått andre restriksjoner for å unngå rier.
Kvinna rådes til å samle råmjølka opp i små sprøyter på 1ml eller 2,5 ml. Fryse mjølka ned og ta med til sjukehuset. For meir informasjon om dette, sjå vedlegg til prosedyra frå ammehjelpen.
Ammeprosedyra
Barseltida Ammesamtale
Video av handmjølking
Informasjonsark om handmjølking HMR
Informasjon om handmjølking i svangerskapet, Ammehjelpen
Ammehjelpen.no
Amming- en håndbok for helsepersonell. Fagbokforlaget 2023
Hvordan du ammer ditt barn