Organisering av Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank v. 1.21

         Hensikt

Å gi oversikt over organiseringa av Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank (AMBB).

Omfang

Gjeld alle tilsette ved Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank i Helse Møre og Romsdal HF.

Bakgrunn

Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank er ei av fem avdelingar i Klinikk for diagnostikk i Helse Møre og Romsdal HF. Fagområdet medisinsk biokjemi og blodbank er organisert på tvers av sjukehusa og har seksjonar i Kristiansund (MBBK), Molde (MBBM), Volda (MBBV) og Ålesund (MBBÅ).
Avdelingssjef ved Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank er direkte underlagt klinikksjef i Klinikk for diagnostikk og er ansvarleg overfor denne både fagleg, administrativt og økonomisk.

Fagområde

Medisinsk biokjemi/laboratoriemedisin og transfusjonsmedisin/blodbank.

         Sentrale oppgåver og utfordringar

Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank utfører blodprøvetaking på pasientar innlagt i sjukehusa og i poliklinikken, analysering av prøvar innan fagfelta medisinsk biokjemi, immunologi og transfusjonsmedisin, samt tapping og framstilling av blodkomponentar ved alle fire sjukehusa i Møre og Romsdal. Avdelinga er ansvarleg for å yte service av høg fagleg kvalitet overfor pasientar, rekvirentar og andre samarbeidspartnarar innanfor fagområdet medisinsk biokjemi og transfusjonsmedisin/blodbank i Møre og Romsdal. Verdiane tryggleik, respekt og kvalitet ligg til grunn for arbeidet i avdelinga.

Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank underviser og rettleier bioingeniørstudentar, medisinstudentar og andre yrkesgrupper innan aktuelle laboratoriefaglege emne, her under pasientnære undersøkingar.

Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank deltek i nasjonale og internasjonale forskingsprosjekt.

Det er utarbeid mål og kompetanseplan for avdelinga. Sjå Verksemdsplan. Mål for 2024 og langtidsmål (2028) for Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank (Ikke tilgjengelig) og Kompetanse- og aktivitetsplan 2024-2027 - Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank (Ikke tilgjengelig)

         Ansvar og mynde

Lover og forskrifter

Spesialisthelsetjenesteloven § 3-9: ”Ledelse i sykehus. Sykehus skal organiseres slik at det er en ansvarlig leder på alle nivåer. Departementet kan i forskrift kreve at lederen skal ha bestemte kvalifikasjoner. Dersom kravet til forsvarlighet gjør det nødvendig, skal det pekes ut medisinskfaglige rådgivere.»  

Forskrift om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten § 4. Definisjon: «I denne forskriften betyr styringssystem for helse- og omsorgstjenesten den del av virksomhetens styring som omfatter hvordan virksomhetens aktiviteter planlegges, gjennomføres, evalueres og korrigeres i samsvar med krav fastsatt i eller i medhold av helse- og omsorgslovgivingen.»

Helsepersonelloven § 16 Virksomhet som yter helsehjelp, skal organiseres slik at helsepersonellet blir i stand til å overholde sine lovpålagte plikter.

For å oppfylle krav i lovverket er det er skrive pensjonistavtale med medisinsk fagleg rådgivar Jon Kvannes, foreløpig ut desember 2024.

Organisering av Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank

Avdelingssjef

Brit Valaas Viddal

Seksjonsleiarar

Kristiansund og Molde:

Marit Sivertsen

Volda:

Joar Ulstein

Ålesund:

Marie Nora Roald

Stabsstillingar

Medisinskfagleg rådgivar:

Spesialist under rettleiing:

Jon Kvannes, timebasert

Muhammed Kilinckaya

Laboratoriefagleg rådgivar:

Lutz Schwettmann

IKT-konsulent:

Nina Solnørdal

Koordinator for blodbankane

Avdelinga har utnemnt koordinator for blodbankane i Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank: fagbioingeniør ved blodbanken i Ålesund, Bodil Stige.

Noklus

Noklus: Konsulentane Anja Haukeberg, Ragnhild Eide Myren og Mona Beate Torvik.
Noklus-spesialist Lutz Schwettmann.

Organisasjonskart

 

Ansvar/rapporteringsvegar

Organisasjonskartet viser fagleg og administrativt ansvar. Helse Møre og Romsdal HF har fire leiarnivå:

Adm. direktør (1. leiarnivå) → Klinikksjef (2. leiarnivå) → Avdelingssjef (3. leiarnivå) Seksjonsleiar (4. leiarnivå)

Leiarane på dei fire nivåa har totalansvar innanfor sitt ansvarsområde. I totalansvar inngår kvalitet, personell, fag og økonomi, med tilhørande mynde for verksemda innan dei til ein kvar tid gitte rammer.

Alle avdelingane i klinikken har oppnemnt medisinskfagleg rådgivar ut frå  forsvarlighetskravet.

Medarbeidarsamtale

Leiarar med personalansvar skal årleg gjennomføre medarbeidarsamtale med sine tilsette.

Stillingar, funksjonar og kompetanse

Det er utarbeid felles malar for funksjonsbeskrivelse for bioingeniør, bioingeniør II, fagbioingeniør, kvalitetskoordinator, seksjonsleiar, ass.seksjonleiar, overlege , Medisinsk fagleg rådgivar, helsesekretær/sekretær og avdelingssjef. Sjå Funksjonsbeskrivelse bioingeniør - mal (Ikke tilgjengelig), Funksjonsbeskrivelse bioingeniør II - mal (Ikke tilgjengelig), Funksjonsbeskrivelse fagbioingeniør - mal (Ikke tilgjengelig), Funksjonsbeskrivelse kvalitetskoordinator - mal (Ikke tilgjengelig),Funksjonsbeskrivelse seksjonsleiar - mal (Ikke tilgjengelig), Funksjonsbeskrivelse assisterande seksjonsleiar - mal (Ikke tilgjengelig), Funksjonsbeskrivelse overlege - mal (Ikke tilgjengelig), Funksjonsbeskrivelse Medisinskfagleg rådgivar (Ikke tilgjengelig), Funksjonsbeskrivelse helsesekretær/sekretær - mal (Ikke tilgjengelig), Funksjonsbeskrivelse avdelingssjef - mal (Ikke tilgjengelig) og Funksjonsbeskrivelse IKT- konsulent (Ikke tilgjengelig)

Funksjonsbeskrivingane skal ikkje vere til hinder for elastisitet og fleksibilitet i stillingane.

Fråvær

Ved langvaring fråvær > 1 månad for fagbioingeniør og andre nøkkelstillingar skal det vanlegvis konstituerast stedfortredar.

Dokumentasjon på kompetanse

Alle tilsette skal ha eit utfylt CV-skjema i Kompetanseportalen som viser utdanning, praksis og kurs dei har deltatt på.

Avdelingssjef

Avdelingssjef har eit samla ansvar for utvikling og drift av avdelinga og skal sikre at avdelinga blir drive i samsvar med overordna føringar (strategiar, styringsdokument, lover, forskrifter etc.) og innanfor gjeldande fullmakter og økonomiske rammer.

Krav knytt til kvalitet, aktivitet og økonomi skal ha fokus. Det skal leggjast vekt på brukarmedverknad, heile pasientforløpet og kva som tener brukaren/pasienten.

Avdelingssjef er leiar for blodbankane i Møre og Romsdal. 

 

Oppgåver

  • Kontinuerleg vurdere behovet for, initiere og gjennomføre nødvendige endringsprosessar.
  • Ta eit heilskapleg ansvar for resultata verksemda skaper, og sjå til at dette skjer innanfor fastsette rammer.
  • Ha det overordna faglege ansvaret i avdelinga i samarbeid med medisinskfagleg og laboratoriefagleg rådgivar.
  • Ta ansvar for alle medarbeidarar og yrkesgrupper i verksemda, og sikre at arbeidsmiljø og organisasjonskultur er tilpassa oppgåvene som skal løysast.
  • Sikre god kommunikasjon og informasjon av omsyn til oppgåveløysing, og for å fremje openheit og demokrati internt og eksternt.
  • Meldingsansvarlig for avdelinga

Medisinskfagleg rådgivar og laboratoriefagleg rådgivar

Medisinskfagleg rådgivar er spesialist i medisinsk biokjemi.
Laboratoriefagleg rådgivar er europeisk spesialist i klinisk kjemi og laboratoriemedisin. Oppgåvene gjeld også for spesialist under rettleiing.

Oppgåver

  • Delta i avdelingsråd og kvalitetsråd og vere rådgivar for avdelingssjef. Spesialist under rettleiing deltar i møta i avdelinga. Medisinskfagleg rådgivar kallast inn til månadlege møter med laboratoriefagleg rådgivar og avdelingssjef.
  • Sjå til at avdelinga blir drive etter gjeldande laboratoriemedisinsk standard og etter gjeldande lover og retningsliner
  • Ha eit særleg ansvar for at nødvendige laboratoriemedisinske prosedyrar er på plass og vurdere analyser og undersøkingar ut frå eit medisinsk og biokjemisk perspektiv
  • Samarbeide med fagbioingeniørane i metodeval, metodevalidering/verifisering og kvalitetsovervaking

Seksjonsleiar

Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank har seksjonsleiar ved dei fire seksjonane. Frå 17. april 2023 har seksjonane i Molde og Kristiansund same seksjonsleiar. Seksjonsleiar har mynde til å leie, organisere, drifte og utvikle seksjonen innanfor dei til ei kvar tid tildelte økonomiske rammer, gjeldande lovar og reglar og gjeldande fullmaktsreglement.

Oppgåver

  • Delta i avdelingsråd, kvalitetsråd og samarbeidsråd
  • Ha overordna ansvar for tilrettelegging, prioritering og utføring av arbeidsoppgåver ved sin seksjon
  • Etablere og følgje opp kvalitetsrutinar innan fagområdet, i samarbeid med medisinsk og teknisk personell
  • Ansvar for oppfølging av personalet
  • Meldingsansvarleg ved seksjonen

Koordinator for blodbankane

Koordinator for blodbankane er ein tilleggsfunksjon for ein av fagbioingeniørane i avdelinga.

Oppgåver

  • Vere blodbankane sin representant i avdelingsråd, samarbeidsråd og kvalitetsråd
  • Vere rådgivar for avdelingssjef
  • Vere kontaktperson ved tilsyn ved blodbankane
  • Koordinere arbeidet mellom dei fire blodbankane

IKT-konsulent

IKT-konsulentene i KfD er organisert i kvar si avdeling, AMBB og AMM. Dei skal likevel samarbeide tett om ulike arbeidsoppgåver.

Kvalitetskoordinatorar

Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank har kvalitetskoordinatorstillingar i ulike stillingsbrøkar. Kvalitetskoordinatorane er organisert på seksjonsnivå og rapporterer til seksjonsleiar i kvar seksjon. Kvalitetskoordinator skal ha tett kontakt med kvalitetsrådgivar i klinikken. Frå november 22 har seksjonane i Molde og Kristiansund same kvalitetskoordinator.
Sjå Organisering av Medisinsk biokjemi og blodbank Kristiansund (Ikke tilgjengelig), Organisering av Medisinsk biokjemi og blodbank Molde (MBBM) (Ikke tilgjengelig), Organisering av Medisinsk biokjemi og blodbank Volda (Ikke tilgjengelig) og Organisering av Medisinsk biokjemi og blodbank Ålesund (Ikke tilgjengelig)

Noklus

Noklus står for Norsk kvalitetsforbedring av laboratorieundersøkelser. Det er tre Noklus-konsulentar i Møre og Romsdal. Desse deler oppfølging av legekontor, sjukeheimar og heimetenester mellom seg. I følgje avtale inngått mellom Noklus og Regionalt helseføretak, skal Noklus-konsulentane vere tilsett i sine respektive helseføretak og skal integrerast i laboratoria si samla verksemd på ein slik måte at arbeidet sin særlege karakter og nøytralitet blir ivaretatt. Ansvarleg spesialist for Noklus Møre og Romsdal er laboratoriefagleg rådgivar ved Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank.

Andre

I stab til klinikksjef er kvalitetsrådgivar. Sjå Organisering av Klinikk for diagnostikk (Ikke tilgjengelig)

Tillitsvalde og verneombod

Alle seksjonane har seksjonstillitsvalde og seksjonsverneombod. Eit av verneomboda er avdelingsverneombod og deltek i avdelinga sitt kvalitetsråd.

Budsjett/stillingar

Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank

 2024

Bruttobudsjett

185,7 mill

Tal stillingar

136

Tal tilsette

Ca. 170

Møtestruktur

Avdelingsråd

Avdelingsrådet er avdelingssjefen sitt rådgivande forum. Avdelingsrådet har møte månadleg. Det blir laga saksliste og skrive referat frå møta. Referata blir lagt ut i Teamskanal og lagra i Elements.

Desse utgjer avdelingsrådet:

- avdelingssjef

- seksjonsleiarane

- medisinskfagleg rådgivar

- laboratoriefagleg rådgivar

- koordinator for blodbankane

- assisterande seksjonsleiarar har høve til å møte

Kvalitetsråd

Mandat for kvalitetsråd er gitt i overordna retningsliner. Kvalitetsråd har møte minimum 4 gongar i året.

Desse utgjer kvalitetsrådet i avdelinga:

- avdelingssjef - leiar
- kvalitetsrådgivar
- seksjonsleiarane
- medisinskfagleg rådgivar
- laboratoriefagleg rådgivar
- koordinator for blodbankane
- avdelingsverneombod
- kvalitetskoordinatorane (sekretærfunksjon går på omgang)

- ein representant frå Noklus

 

Det blir laga saksliste og skrive referat frå møta. Referata blir lagt ut i EQS og i Elements. Kvalitetsråd på avdelingsnivå er ein viktig arena for kvalitetsarbeidet i avdelinga/klinikken. Avvik med læringseffekt vert gjennomgått. Alvorlege avvik vert sendt vidare til kvalitet- og pasientsikkerheitsutvalet (KPU).
Saker som angår HMS vert tekne opp i kvalitetsråd/samarbeidsråd og HMS-avvik vert meldt gjennom EQS/MinArbeidsplan og vert handtert på lågast mogleg nivå.

Samarbeidsråd

Alle klinikkar er pålagt å ha samarbeidsråd. Samarbeidsrådet skal vere møteplass mellom avdelingsleiinga og tillitsvalte/vernetenesta. Formålet er å utvikle arbeidsplassen og stimulere til dialog og konstruktivt samarbeid. Samarbeidsråd møtes ved behov.

Desse utgjer samarbeidsrådet ved Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank:

- avdelingssjef

- seksjonsleiarane
- koordinator for blodbankane

- avdelingstillitsvalt

- avdelingsverneombod

I tillegg får tillitsvalte frå NITO, verneombod, assisterande seksjonsleiar og medisinskfagleg/laboratoriefagleg rådgivar i seksjonane/avdelinga innkalling og kan delta.

Det blir laga saksliste og skrive referat frå møta. Referata blir publisert i Teamskanal og lagra i Elements.  

Transfusjonsutval

Ved Helse Møre og Romsdal HF er det oppnemnd transfusjonsutval. Sjå Transfusjonsutvalg - HMR HF (Ikke tilgjengelig)

Leiinga sin gjennomgang

Avdelingssjef har ansvar for at det årleg blir gjennomført «leiinga sin gjennomgang av kvalitetssystemet» etter gjeldande prosedyre. Sjå Leiinga sin gjennomgang av styringssystemet (Ikke tilgjengelig). Sjølve gjennomføringa er seksjonsleiar sitt ansvar. Avdelingssjef deltek på alle gjennomgangane. Hensikta er å sikre tilbakemeldingar på om systemet fungerer og om det er nødvendig å gjere endringar eller forbetringar.

Desse møter:
- seksjonsleiar (leiar møtet)
- avdelingssjef
- kvalitetskoordinator
- medisinskfagleg rådgivar og/eller laboratoriefagleg rådgivar
- assisterande seksjonsleiar
- fagbioingeniørane/kontorfagleg koordinator
- verneombod
- tillitsvalt NITO

Fond

Avdelinga har to studiefond der eitt er for leger i avdelinga.
Avdelingsfondet får inntekter frå medisinske studiar vi deltek i. Det er eigne statuttar for bruk av fondet.
Medlemmer i fondsstyret er avdelingssjef, ein seksjonsleiar, avdelingsverneombod og ein tillitsvalt.

IT-sikkerheit

Viser til Sikkerhetsinstruks for medarbeidere i Helse Midt-Norge. E-læring i informasjonssikkerheit utførast via Kompetanseportalen. E-læring skal nyttas ved alle nye tilsettingar samt regelmessig oppdatering.

Dei tilsette i avdelinga skal være kjende med gjeldande prosedyrar innanfor området informasjonssikkerheit i EQS.

Risikostyring

Risikostyring er implementert i kvardagen gjennom bruk av endringskontroll. ROS-analyser gjerast når dette er hensiktsmessig, som eit ledd i det systematiske arbeidet med kontinuerleg forbetring og fokuset på pasientsikkerheit. Avdelingssjef og seksjonsleiarar skal sikre at risikostyring er ein integrert del av laboratorieverksemda. Dette inneber å gjere seg kjent med risikobildet og moglegheit for forbetring innanfor eige ansvarsområde. Dette omfattar å ta initiativ til å vurdere risiko knytt til endringar, drift, mål, strategiar og planar. Viser til Risikoportalen i Helse Møre og Romsdal (Ikke tilgjengelig), Risikostyring i Helse Midt-Norge - Rammeverk (RIS) (Ikke tilgjengelig) og Risikostyring i Helse Midt-Norge - Prosedyre (RIS) (Ikke tilgjengelig).

Vedlegg

Nøkkelpersonell ved avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank

Relatert

Verksemdsplan. Mål for 2024 og langtidsmål (2028) for Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank (Ikke tilgjengelig)

Kompetanse- og aktivitetsplan 2024-2027 - Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank (Ikke tilgjengelig)

Funksjonsbeskrivelse bioingeniør - mal (Ikke tilgjengelig)
Funksjonsbeskrivelse bioingeniør II - mal (Ikke tilgjengelig)
Funksjonsbeskrivelse fagbioingeniør - mal (Ikke tilgjengelig)

Funksjonsbeskrivelse Medisinskfagleg rådgivar (Ikke tilgjengelig)

Funksjonsbeskrivelse IKT- konsulent (Ikke tilgjengelig)
Funksjonsbeskrivelse kvalitetskoordinator - mal (Ikke tilgjengelig)
Funksjonsbeskrivelse seksjonsleiar - mal (Ikke tilgjengelig)

Funksjonsbeskrivelse assisterande seksjonsleiar - mal (Ikke tilgjengelig)
Funksjonsbeskrivelse overlege - mal (Ikke tilgjengelig)
Funksjonsbeskrivelse helsesekretær/sekretær - mal (Ikke tilgjengelig)

Funksjonsbeskrivelse avdelingssjef - mal (Ikke tilgjengelig)

Organisering av Medisinsk biokjemi og blodbank Kristiansund (Ikke tilgjengelig)

Organisering av Medisinsk biokjemi og blodbank Molde (MBBM) (Ikke tilgjengelig)

Organisering av Medisinsk biokjemi og blodbank Volda (Ikke tilgjengelig)

Organisering av Medisinsk biokjemi og blodbank Ålesund (Ikke tilgjengelig)

Organisering av Klinikk for diagnostikk (Ikke tilgjengelig)

Risikoportalen i Helse Møre og Romsdal (Ikke tilgjengelig)

Risikostyring i Helse Midt-Norge - Rammeverk (RIS) (Ikke tilgjengelig)

Risikostyring i Helse Midt-Norge - Prosedyre (RIS) (Ikke tilgjengelig)

Leiinga sin gjennomgang av styringssystemet (Ikke tilgjengelig)

Avtale om medisinsk veiledning innen fagområdet transfusjonsmedisin frå St. Olavs hospital HF (Ikke tilgjengelig)

Sikkerhetsinstruks for medarbeidere i Helse Midt-Norge.