Kompetanse- og opplæringsplanar - overordna føringar Helse Møre og Romsdal v. 2.3

Kompetanse- og opplæringsplanar - overordna føringar Helse Møre og Romsdal

Hensikt

Verksemdsplanar skal leggast til grunn for strategisk og systematisk kompetanse- og opplæringsplanlegging i den enkelte klinikk.

Kompetanseplanlegging skal danne grunnlaget for føretaket og dei ulike avdelingane/ seksjonane sine opplæringsplanar, og på den måten ligge til grunn for prioriteringar høve kompetanseheving med bakgrunn i dokumentert behov.

Omfang

Gjeld alle klinikkar/ avdelingar/ seksjonar og alle faggrupper i Helse Møre og Romsdal HF

For meir om bakgrunn for overordna føringar – sjå under flik Bakgrunn over.

For bakgrunnsinformasjon – klikk i fliken Bakgrunn.

Ansvar

Klinikksjef har ansvaret for at det blir gjennomført kartlegging av kompetansebehovet innan dei ulike fagområda.

Klinikksjefen har ansvaret for at det vert utarbeid kompetanse- og opplæringsplanar for avdelingar og seksjonar.

Klinikksjefen delegerer til leiarar under seg det ansvaret som er naudsynt for at dette vert gjennomført.

Det er opplæringsleiar og kvalitetsrådgjevarane i fagavdelinga og HMS koordinator i personalavdelinga som har ansvaret for å bistå klinikkane i arbeidet.

Dei har også ansvaret for å utvikle mal verktøya.

Handling

Kompetanse- og opplæringsportalen i Helse Møre og Romsdal(EQS) er ei verktøykasse som er utvikla for å skape struktur for eit strategisk og systematisk prioriterings- og kvalitetsarbeid i føretaket knytt til kompetanseutvikling og dokumentasjon.

Det er utvikla malverkty som kan nyttast i arbeidet med dei forskjellige planane som kvar for seg har ulik målsetnad, samstundes som planane er gjensidig avhengig av kvarandre.

Strategiske kompetanseplanar

Kompetanse skal planleggast med bakgrunn verksemda sin no situasjon og verksemda sine behov for framtida. Strategiske kompetanseplanar skal reviderast årleg både i 1-års- og 5-årsperspektiv i samsvar med målsettinga for den enkelte klinikk.

Hensikt

Planen skal bidra med oversikt og refleksjon i planlegging av kompetanseheving og i rekruttering av personell. Planen med stipulerte kostnadar og prioriteringar skal inngå som et grunnlag i driftsplanarbeidet og skal vidare danne grunnlag for tildeling av kursmidlar - studiepermisjon – intern opplæring og søknad om hospitering.

Strategisk kompetanseplan – retningslinje og verkty for utarbeiding Kompetanseplan strategisk - retningslinje og verkty for utarbeiding

Opplæringsplanar samsvarar med omgrepet kompetanseplanar i Kompetanseportalen

Det skal finnast slike planar i alle einingar som inkluderer alle relevante fagområde og IT - system.

Dei som har leiaransvar eller fagansvar for ei eining eller eit fagområde/ IT - område har også ansvaret for det faglege og organisatoriske innhaldet i desse planane for avdelinga/ seksjonen.

Ved omstilling, nye behandlingsmetodar eller når ein skal ta i bruk nytt medisinsk teknisk utstyr skal det alltid føreligge ein plan for opplæring og vedlikehald av opplæring, både for nytilsette og for anna relevant personale.

Hensikt . Opplæringsplanar/ kompetanseplanar skal vere ein del av kvalitetsarbeidet i den enkelte klinikk, og ein del av arbeidet med kompetanseplanlegging. Opplæringsplanar/ kompetanseplanar med tilhøyrande dokumentasjon på at opplæringa er gitt skal kunne gjerast tilgjengelege ved tilsyn/ revisjonar. Dokumentasjonen ivaretakast digitalt via Rapportmodulen i Læringsportalen og i Kompetanseportalen.

Sentrale opplæringsplanar.

Ein sentral opplæringsplan skal identifisere føretaksovergripande læringsaktivitetar og tiltak, frå for eksempel Læringsportalen og EQS, som svarer ut definerte læringsmål. Den skal beskrive kva opplæringa skal innehalde, kven den skal inkludere og kvifor opplæringa skal gjennomførast. Den definerer hensikt og bakgrunn for opplæringa, ansvar og leiing, her under innhaldsutvikling og evaluering/ revisjon. Vidare skal den definere deltema(kapittel i KP), læringsmål, målgrupper, kva læringsaktivitetar som svarer ut kva slags læringsmål, krav til frekvens/ hyppigheit. Ta gjerne kontakt med opplæringsleiar/ systemansvarleg for Læringsportalen i arbeidet.

Med utgangspunkt i ein sentral opplæringsplan skal det utarbeidast sentrale kompetansekrav/ sentral kompetanseplan pr fagområde/ IT område i Kompetanseportalen. Når den sentrale opplæringsportalen er godkjent i EQS må den som er fagleg ansvarleg ta kontakt med systemansvarleg for Kompetanseportalen for innlegging av sentrale krav.

Mal – sentral opplæringsplan Mal - sentral opplæringsplan (Ikke tilgjengelig)

Malen kan også nyttast der klinikkane ser behovet for å utarbeide felles kompetansekrav/ planar for ei avdeling(som organiserer fleire seksjonar), fleire avdelingar eller for heile klinikken.

 

Utarbeiding av kurskonsept i Læringsportalen

Som administrator for kurs i Læringsportalen treng ein eit pedagogisk verkty som kan hjelpe til å strukturerer konseptet som skal tilbydast anten som ei eingongshending eller som eit meir varig konsept som også kan svare ut krav til kompetanse i ein sentral opplæringsplan/ kompetanseplan i Kompetanseportalen.

– mal opplæringsplan/ læreplan kurskonseptutvikling/ e-kursMal opplæringsplan - kurskonseptet/læringstiltaket/e-læringa (Ikke tilgjengelig)

Opplæringsplanar - retningslinje for utarbeiding og vedlikehald Opplæringsplanar - retningslinje for utarbeiding og vedlikehald

 

Relatert/ vedlegg

Kompetanse- og opplæringsportalen i Helse Møre og Romsdal HF Kompetanse- og opplæringsportal Helse Møre og Romsdal HF

Strategisk kompetanseplan – retningslinje og verkty for utarbeiding Kompetanseplan strategisk - retningslinje og verkty for utarbeiding

Opplæringsplanar - retningslinje for utarbeiding og vedlikehald Opplæringsplanar - retningslinje for utarbeiding og vedlikehald

Referanser

- Lov om arbeidsmiljø, arbeidstid og stillingsvern mv.

- Lov om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten m.m. (helsetilsynsloven).

- Lov om spesialisthelsetjenesten m.m.

- Lov om helsepersonell.

- Lov om helseforetak + prop 120 L

- Hvordan holde orden i eget hus? Internkontroll i helse- og sosialtjenesten. IS-1183

- Tidligfaseplanlegging i sykehusprosjekter – IS-1369

- Meld.St.nr 13(2001-2012). Utdanning for velferd.

- St.meld.nr.47 (2008-2009) Samhandlingsreformen. Rett behandling - på rett sted - til rett tid.

- Nasjonale faglege retningslinjer

- Kvalitetsstrategi for Helse Midt-Norge 2011-2015

- Regional HR handlingsplan for perioden 2013-2014

- Lai, Linda(2004): Strategisk kompetansestyring, 2. utgave

- Beggerud, Roger(2010): Kvalitetsstyring; teori og praksis