Sikre riktig bruk av transkutan fotometri (TcB) ved mistanke om hyperbilirubinemi hos nyfødde i føde-barselavdelingane i Helse Møre- og Romsdal (HMR).
Prosedyren gjeld for jordmødre, barnepleiarar og barnelegar ved sjukehusa i HMR.
Nyfødd som krev undersøking
Screening for gulsott vert utført når ein mistenker utvikling av hyperbilirubinemi. Transkutan fotometri (TcB) er meir skånsomt for barnet enn blodprøve (S-bil.). Barnet blir ikkje utsett for smerte og det er ingen infeksjonsfare ved bruk av TcB. Ein annan fordel er at måleresultat er tilgjengeleg med ein gong, og behandling kan starte utan forsenking. Ulempa ved metoden er manglande presisjon.
Personalet ved føde-barselavdelingane i Helse Møre og Romsdal.
Barnelegar med ansvar for nyfødde i føde-barselavdelingane – etter tilkalling.
TcB på panne eller sternum er likeverdig og rimeleg nøyaktig ved lave serumverdiar hos fullbårne barn. Bruk kontrollskjema for bilirubinmåling (relatert) ved oppfølging av alle prøvesvar (både TcB og S-bil.).
NB! Ved rekvirering av serumbilirubin velg alltid PS-bilirubin-fraksjoner.
Ulike apparat blir brukt for TcB-måling i HMR (m.a. Dokumentet er ikke gyldig (Ikke tilgjengelig) og Bilirubinmåler JM-105 (Ikke tilgjengelig).
Brukarrettleiing for aktuelle apparat er tilgjengeleg i barselavdelingane.
Bilirubinskjema – Norsk veileder for behandling av gulsott hos nyfødte
BiliCheck
Bilirubinmåler JM 105 (Dräger)
Gulsott – foreldreinformasjon engelsk versjon
Gulsott – foreldreinformasjon norsk versjon
Fototerapi til premature og nyfødte barn
Nasjonal faglig retningslinje for barselomsorgen. Nytt liv og trygg barseltid for familien. Helsedirektoratet 2014 (IS-2057).
Norsk veileder for behandling av gulsott hos nyfødte (april 2016). Etter konsensus i Interessegruppen i Nyfødtmedisin. Norsk Barnelegeforening 2016.
Bratlid D, Nakstad B, Hansen TWR. National guidelines for treatment of jaundice in the newborn. Acta Paediatr 2011; 100; 499-505