Seleksjon av gravide og fødande HMR v. 2.4

Hensikt

Selektere alle gravide og fødande i Helse Møre og Romsdal HF (HMR) til fødsel/forløysing ved fødeinstitusjon på rett nivå i forhold til kompetanse og ressurstilgang. Dette for å gje alle fødande ei trygg forløysing og optimalisere mottak og initial behandling av det nyfødde barnet. Nasjonale kvalitetskrav og NGF sin Veileder i fødselshjelp 2020 ligg til grunn for denne seleksjonen.

Prosedyren skal bidra til best mogeleg kommunikasjon, samarbeid og ansvarsfordeling i Avdeling for fødselshjelp og kvinnesjukdommar (AFK) i HMR.

Sikre planlegging av forsvarleg transport mellom sjukehusa.

Omfang

Alle legar og jordmødrer, samt vikarar for desse, ved AFK i HMR.

Ansvar

Jordmødrer og legar med oppfølgingsansvar i graviditeten har ansvar for seleksjon til rett fødeinstitusjonsnivå.

Anestesipersonell, barnelegar og «stansteam» tilkallast  ved behov for behandling, resuscitering, stabilisering og evt. overflytting av mor og/eller barn.

Ansvar for transport ligg hos den fødeavdelinga som sender pasienten ifrå seg. Kommunikasjon mellom avsendande og mottakande fødeavdeling/lege må skje direkte mellom desse, dette gjeld også ved overflytting til anna helseføretak.

Alle involverte har eit sjølvstendig dokumentasjonsansvar for det dei utfører. 
                                                                                                       

Framgangsmåte

Gravide og fødande i Møre og Romsdal som skal selekterast til fødsel / forløysing ved St. Olavs hospital / anna regionsjukehus

Ø  Ved svangerskapslengde under veke 26 + 0 og truande fødsel / behov for forløysing på maternell indikasjon skal pasienten flyttast til fødeavdeling ved St. Olavs hospital eller anna regionsjukehus i tråd med prosedyren Truende for tidlig fødsel - for tidlig fødte barn i Helse Midt-Norge (Ikke tilgjengelig) i Regionalt standardisert pasientforløp  Truende for tidlig fødsel og for tidlig fødte (premature) barn. Standardisert pasientforløp. Hovedforløp. Forløpsansvarlig Sissel Hjelle og Beate Eriksen

Ø  Dersom forløysing ikkje kan vente grunna livstruande maternell / føtal indikasjon og / eller langt komen fødsel må forløysing skje lokalt

Ø  Dersom ein frykter fødsel under transport er det betre at fødselen skjer lokalt og barnet overflyttast til nyfødt intensivavdeling etter initial stabilisering – sjå prosedyren Transport av nyfødte under 3 måneder - planlegging og praktisk gjennomføring (Ikke tilgjengelig)

Ø  Dersom eit barn under gestasjonsveke 26+0 blir fødd ved Ålesund sjukehus eller ved annan fødeavdeling i Møre og Romsdal, på grunn av manglande tid/mulighet til å overflytte mor til Trondheim, må initialbehandling foregå der barnet er 

ü  observasjonsstudier har vist at transport av ekstremt premature de første 48 timer etter fødsel er assosiert til forverret utkomme – ref.: Association of early postnatal transfer and birth outside a tertiary hospital with mortality and severe brain injury in extremely preterm infants: observational cohort study with propensity score matching - PubMed (nih.gov)

Ø  I enkelte høve (m.a. vêrforhold) kan det bli aktuelt med overflytting til Ålesund sjukehus også når gestasjonsalder < 26+0 – transportmulighet og transporttid blir avgjerande

 

Gravide og fødande i Møre og Romsdal med følgjande risikofaktorar skal selekterast til fødsel / forløysing ved Ålesund sjukehus

Ø  Svangerskapslengde < 35 + 0

Ø  Vekstretardasjon – samla vurdering av mors tilstand, fosterets alder, vekt og vekst, fostervassmengde, CTG med nøye vurdering av (korttids-)variabilitet og UL med dopplerevaluering. Vurder overflytting ved forventa fødselsvekt < 2500g.

Ø  Fleirlingsvangerskap

Ø  Seteleie til planlagt vaginal forløysing

Ø  Alvorleg preeklampsi

Ø  Diabetes mellitus med insulin

Ø  Adipositas med pregravid BMI > 40

ü  individuell vurdering ved pregravid BMI 30 - 40

Ø  Immunisering med klinisk relevans

Ø  Trombofili / koagulopati med stor risiko for tromboser / bløding

Ø  Alvorleg hjarte- / kar- / lunge- / nyresjukdom eller alvorleg reumatisk / kollagenøs   sjukdom hos mor (om det ikkje er avtalt forløysing ved t.d. OUS, Rikshospitalet for hjartesjuke gravide)

Ø  HIV

Ø  Barn som etter fødsel skal observerast i eller i nærleiken av Nyfødt intensiv seksjon (NI), t.d. GBS-sjukdom hos nyfødd i tidlegare svangerskap

Ø  Utviklingsavvik / fostermisdanning – i samråd med diagnostiserande lege, evt. Nasjonal behandlingstjeneste for avansert invasiv fostermedisin (SFM) og neonatolog

Ø  Bruk av vanedannande medikament i svangerskapet

Ø  Fødande som er under Legemiddelassistert rehabilitering (LAR-behandling) – evt.  skal desse føde ved St. Olavs hospital

Ø  Placenta previa med behov for intervensjonsradiologisk beredskap

Ø  Mistanke om invasiv placenta (accreta / increta / percreta)

 

Vurderast i kvart enkelt tilfelle

Ø  Oligohydramnion / Polyhydramnion

Ø  Tilstandar som krev medisinsk kompetanse som er utilgjengeleg ved aktuelle sjukehus (t.d. epilepsi)

Ø  Tilstandar som krev medisinsk oppfølging av det nyfødde barnet, og evt. innlegging i NI-seksjon, t.d. medikamentbruk som kan gje abstinensar hos barnet

 

Kommentarar:

Dersom ein utifrå tilgjengeleg kompetanse og tverrfagleg vurdering finn det fagleg tilrådeleg med forløysing lokalt kan seleksjonskriteria for vekstretardasjon, alvorleg preeklampsi og adipositas med pregravid BMI over 40 fråvikast. Ansvar for vurdering av forløysing lokalt ligg hos fast tilsett spesialist ved aktuell fødeavdeling. Plan skal dokumenterast i elektronisk pasientjournal og vere kjent for alle involverte.

Dersom det blir bestemt å gjere elektivt sectio for seteleie kan dette skje lokalt ved elles normalt svangerskap. Dersom nødvendig kompetanse er tilgjengeleg kan vurdering av forløysingsmetode og forsøk på ytre vending ved seteleie skje lokalt etter gjeldande prosedyrar.

Dersom foreldra pga. tidligare forløysing av sjuke barn ønskjer forløysing i Ålesund, bør dette aksepterast.

Gravide som er innlagt  ved Ålesund sjukehus grunna truande prematur fødsel og som når svangerskapslengde 35 + 0, flyttast til lokalsjukehus dersom tilstanden tillèt det.

Relatert

Standardisert pasientforløp «Truende for tidlig fødsel og det premature barnet»

Differensiert fødselshjelp HMR

Overvekt i svangerskap og fødsel HMR

Transport av nyfødte under 3 måneder – planlegging og praktisk gjennomføring

 

Referansar

«Et trygt fødetilbud» Kvalitetskrav til fødselsomsorgen

Veileder i fødselshjelp 2020, Norsk gynekologisk foreining

Helenius, K. et.al. Association of early postnatal transfer and birth outside a tertiary hospital with mortality and severe brain injury in extremely preterm infants: observational cohort study with propensity score matching. BMJ. 2019; 367: l5678.Published online 2019 Oct 16. doi: 10.1136/bmj.l5678. PMID: 31619384.