Amming : Brystskjold v. 1.3

Hensikt og omfang

Sikre at brystskjold vert brukt korrekt, og at brukaren får informasjon om fordeler og ulemper ved bruk.

Prosedyra gjeld for personalet i føde/barsel-seksjonane som gir ammeveiledning.

Ansvar

Barnepleiar og jordmor som gir ammeveiledning

Framgangsmåte

Gje informasjon om fordelar og ulemper ved bruk av brystskjold.

Sjå Pasientinformasjon under vedlegg.

 

Fordelar ved bruk av brystskjold

  • Kan stimulere eit diande barn slik at barnet får lettare tak, og lettare beheld taket i brystknoppen
  • Rett påsett gir brystskjoldet stimuli langt bak i ganen til barnet. Dette stimulerer sugerefleksen, barnet blir stimulert både til å die og svelge
  • Ved bruk av brystskjold kan det også samle seg mjølk i «brystskjoldtuppen». Når barnet svelger får det i seg den mjølka som ligg i brystskjoldet.
  • Brystskjold kan også vere til hjelp ved flate og innadvende brystknoppar, eller der problemet er «store brystknoppar og liten munn».

 

Ulemper ved bruk av brystskjold

  • Kan føre til dieforvirring og/eller dårleg dieteknikk
  • Kan føre til minska stimulering av mjølkeproduksjonen, og dermed at barnet får i seg mindre mjølk, med påfølgande dårleg vektauke eller vektnedgang hjå barnet.
  • Kan føre til at såre brystknoppar blir enda sårare på grunn av feil dieteknikk og fordi skjoldet gnisser mot brystknoppen.
  • Kan føre til dårlegare tømming av brystet, med fare for mjølkestase og deretter mastitt.
  • Når bruk av brystskjold først er introdusert, kan det vere vanskeleg å venne barnet av å bruke det.

 

Påsetting av skjold

  • Velg eit brystskjold som passer til kvinna sin brystknopp –ikkje til barnet sin munn eller storleiken på sjølve brystet

o   Storleikane 16, 20 og 24 mest brukt

  • Reine hender, reint og tørt brystskjold
  • Stimuler gjerne utdrivingsrefleksen på førehand.
  • Vreng brystskjoldet sine «vengar», sjølve tuppen skal ikkje vrengast heilt,-men den kan enten dyttast så mykje at den vert ståande inne (bilde 1 ) eller du kan halde den vrengt med fingrane så opninga utvidar seg godt (bilde 2). Då får du samtidig godt grep med fingeren på hola ( gjer det du synest fungerer best). Dette gjer at skjoldet blir strekt litt ut slik at det lager vakuum som hjelper til å trekke brystknoppen lenger inn i skjoldet når det plasserast på og brettast tilbake.

Bilda er frå ammehjelpen.no    Bilde 1                                                        Bilde 2

 

  • Sett brystskjoldet over brystknoppen og vreng «vengane» tilbake medan du held over hola på tuppen.
  • I beste fall trekker brystknoppen seg ut i skjoldet- med minst mogleg tomrom mellom bryst og skjold.
  • Brystskjold set ofte best mot huda når skjoldet og huda er reine og tørre. «Lim» eventuelt fast skjoldet med morsmjølk eller vatn.
  • Stimuler barnet til å gape høgt med tuppen av skjoldet mot barnet sin nase /overleppe. Barnet skal ha heile tuppen/tuten på skjoldet inne i munnen, leppene skal ligge tett inntil  botnen på skjoldet så du ikkje ser noko av tuppen/tuten. Det skal heller ikkje bevege seg inn og ut av barnemunnen når barnet dier.
  • Stryk eller masser gjerne brystet under amminga, slik at det blir ekstra stimulert. Nokre gonger kan det hjelpe å komprimere brystet etter at utdrivinga er ferdig for å hjelpe ut meir mjølk.

 

Andre tips:

  • Følg opp med ekstra vektkontroll av barnet
  • Ver obs på eventuelt tilstoppa mjølkeganger pga. dårleg tømming av brystet
  • Ved tendens til lav mjølkeproduksjon, stimuler brystet med ekstra handmjølking eller pumping to gonger i døgnet. Dette er spesielt viktig om amminga startar opp med bruk av skjold.

 

Avvenning av skjold

  • Tilby brystet utan skjold
  • Unngå at barnet er veldig svolten når det skal die utan skjold
  • Forsøk å ta av brystskjoldet litt ut i amminga når mjølka renn, og brystknoppen er komen godt ut.
  • Det kan vere gunstig å prøve på ei tid av døgnet når barnet er roleg
  • Gje barnet litt utpumpa mjølk med sprøyte i munnviken, for å stimulere barnet til å die, medan det prøver å få tak i brystet.
  • Avvenning kan også gjerast ved at ein over tid klipper større hol på skjoldet, slik at barnet sug gradvis meir direkte på brystet.

 

Reingjering av skjold

På sjukehus:

  • Vaskast i godkjend maskin mellom kvar bruk

I heimen:

  • Etter bruk: Skyll skjoldet i kaldt vatn, deretter varmt. Oppbevarast reint.
  • Skjoldet bør kokast ca. 5 minutt minst ein gong pr. døgn

 

Ved utskriving

  • Når det vert brukt ammeskjold ved heimreise frå barsel, skal det alltid gjerast ei individuell vurdering for vidare oppfølging.
  • Bruk av brystskjold skal nemnast i fødselsrapporten

Relatert

Prosedyrer, skjema og vedlegg til prosedyren finnes under fanen «Relatert»

 

Referansar

Ammehjelpen

Nipple Shields Kellymom.com -2018

Pubmed 2017