Sikre at føde/barselseksjonane i HMR gir brukarane sine forskningsbasert informasjon og oppfølging når det gjeld amming.
Ammeprosedyra har som mål å kvalitetssikre opplæring av nytilsette, jamleg oppdatering av ammekunnskap i seksjonane og tilrettelegge for eintydig informasjon og rådgiving til foreldre.
Ammeprosedyra gjeld for oppfølging
Ø ved svangerskapspoliklinikk
Ø i samband med fødsel
Ø i barseltid
Barnepleiarar, jordmødre, sjukepleiarar og legar og vikarar for desse som arbeider ved føde-barseseksjonane og svangerskapspoliklinikkane i HMR.
Alle tilsette er ansvarleg for å halde seg fagleg oppdatert når det gjeld føde/barselseksjonane i HMR si ammeprosedyre, inkludert vedlegg. Den tilsette har dokumentasjonsansvar jmfr. seksjonane sin kompetanse- og opplæringsplan.
Alle tilsette og vikarer er pliktige til å halde seg oppdatert og arbeide i tråd med prosedyra.
Ammegruppa, i samarbeid med seksjonsleiar og fagjordmor har ansvar for at amming blir løfta fram som tema i internundervisning i seksjonen
I tillegg har ammegruppa ansvar for at at filmane «Bryst er best,” At malke med hånden, at drikke af kop” og ”Amming -23 korte filmer med konkrete råd og tips om amming” er tilgjengeleg i føde-barselseksjonane . «Bryst er best» skal også vere tilgjengeleg i engelsk utgåve.
Boka ” Amning–en håndbog for sundhedspersonale” skal vere tilgjengeleg i fleire eksemplar i seksjonane. Det same gjeld eit eksemplar av ”The Breastfeeding atlas” og boka «Medications and Mothers Milk»
Relatert til WHO`s 10 trinn for vellykket amming
Administrativt ansvar (trinn 1)
Trinn 1 a. Følg WHO-koden for markedsføring av morsmelkerstatning og tilskuddsblandinger og relevante resolusjoner fra Verdens helseforsamling
Ø Føde/barselseksjonane i HMR blir bedne om å følge WHO-koden for marknadsføring av morsmejølksertatninger og tilskuddsblandingar.
o Personalet skal ikkje bruke produktnamn eller tillate at morsmjølkserstatning eller utstyr som er merka med produsenten sitt namn vises fram eller delast ut. Målet er å beskytte familier mot marknadsføring og reklamepress
o Personalet skal ikkje dele ut gratisprøver eller drive reklame for produkta eller ta imot gåver frå produsentane.
Ø Prosedyrar er viktig for å sikre at pasienten mottek kunnskapsbasert ammeveiledning og at personalet gir lik informasjon
Ø Prosedyra skal forklare korleis WHO sine 10 trinn blir iverksatt og implementert i seksjonen og sikre einsarta og kunnskapsbasert ammeveiledning som ikkje er påvirka av den enkelte sine meiningar.
Ø Prosedyra skal også omfatte mødre som ikkje ammer.
Ø Dette oppnåast ved at alle tileignar seg lik kunnskap og oppdaterer seg jamnleg i kunnskapsmåla som ligg kompetanseplanen «Amming» (kompetanseportalen).
Trinn 1c. Etablere kontinuerlig evaluering av Mor-barn-vennleg standard i sjukehuset sitt eget kvalitetssystem
Ø Føde /barsel-seksjonane skal registrere klinisk praksis relatert til amming i kvalitetsystemet for å kunne følge eigen praksis på dei anbefalte kvalitetsindikatorane som er tidleg ammestart og eksklusiv amming.
Ø Registrere avvik i EQS kvalittssystemet (td.når det ikkje er mogeleg med uavbrutt og vedvarande Hud-mot-hud isamband med sectio)
Ø I følge WHO skal Ammegruppa følge opp resultata minst kvar 6. månad. Hvis verdien av indikatorane er lavare enn 80 % må seksjonen iverksette kompetansehevingstiltak.
Ø Kvalifisert personale med grunnutdanning i amming.
Ø Krav om gjennomgang av kompetanseplan «Amming» i kompetanseportalen ved tilsetting og vurdering av praktisk kompetanse.
Ø Kompetanseplan «Amming» i kompetanseportalen gjennomførast årleg i tråd med WHO sine 20 kunnskapspunkter om amming. Personalet skal også støtte og veilede mødre som ikkje ska/kan amme.
Ø Undervisningsplan for føde/barselseksjonane skal ha amming som tema jamnleg og det skal jobbast aktivt for at alle som gir ammeveiledning får heva/oppfriska kompetansen sin.
Trinn 3. Samtale med gravide og deira familie om kvifor det er viktig å amme og korleis få dette til
Ø Alle gravide kvinner må få grunnleggande informasjon om amming for å kunne gjere eit informert val. Graviditeten er eit gunstig tidspunkt for å informere kvinnene om fordelane med å amme og kva dei kan gjere for å få til amminga. Samtale om amming bør starte ved første eller andre svangerskapskonsultasjon i primærhelsetenesta slik at det blir nok tid til om nødvendig å diskutere eventuelle utfordringar .
Ø Dette gjeld også gravide på poliklinikken og i føde/barsel- seksjonane. Alle gravide som får dei fleste svangerskapskontrollane sine ved sjukehuset skal få informasjon om amming innen 28. svangerskapsveke. Gravide som vert innlagt meir enn 3 dager i seksjonane skal få samme informasjon.
Ø Ammeveiledninga må gjevast individuelt med utgangspunkt i den gravide sin kunnskap, kulturelle bakgrunn og eventuelt tidlegare ammeerfaring.
Ø Informasjonen bør innehalde fordelane med tidleg ammestart, risikoen ved å gje morsmjølkserstatning uten medisinsk grunn og korleis ein legg barnet til brystet / ulike ammestillingar . Også betydningen av hud-mot-hud kontakt og det å vere saman med barnet 24 timer i døgnet må vektleggast .
Ø Vise dei gravide informasjonen om amming som ligg på nettsidene til HMR/Ammehjelpen/Helse Norge
Ø Boka «Hvordan du ammer ditt barn» kan delast ut til førstegongsfødande eller ein viser til PDF-versjon av boka i Helsedirektoratet sine nettsider.
Ø Alle fleirgongsfødande skal kartleggast om tidligare ammerfaring i svangerskapet og dette skal dokumenterast på helsekortet.
Ø Mødre med tidlegare vanskelege ammeforløp bør få tilbod om eigen samtale om amming i god tid før fødselen (poliklinikk)
Ø Gje sikker og dokumentert informasjon om kvinna kan amme når ho er avhengig av å bruke medikament. Her er boka «Medications and Mothers milk» og nettsidene til «Relis» og «Trygg mammamedisin» dei beste kjeldene.
Ø Dokumenter kva informasjonsmateriell den gravide får utdelt.
o Barnet legges nakent med forsida mot mor sin mage/bryst
o Kontakten bør vere uforstyrra i minst 60 minutt for å fremme barnet sin naturlege søkerefleks og forebygge hypotermi/lav kroppstemperatur.
o Kolostrum/råmjølk som eit nyfødd barn får i seg rett etter fødsel er svært rik på næring og viktige antistoff .Den kjem i små mengder og kun få dråper er viktig.
o Tidleg diing eller utmjølking stimulerer mjølkeproduksjonen
o Helsepersonell skal jevnleg ha tilsyn/observasjon av mor og barn dei første timane etter fødsel.
o Hvis barnet ikkje sjølv finn brystet etter ein times tid, skal det dokumenterast.
o Dersom barnet ikkje har tatt brystet innan 2 timar etter fødselen skal det framleis få ha hudkontakt hos mor.
o Tidleg og hyppig handmjølking/pumping er er svært viktig for stimulering av mjølkeproduksjonen når den nyfødde ikkje er klar for å die sjøl. Handmjølk, og gje råmjølk med kopp/beger hvis barnet framleis ikkje tek brystet.
Ø Ved keisersnitt i narkose skal mor få anledning til å få barnet til seg så snart ho er i stand til å forhalde seg til den nyfødde. Ho bør få anledning til å ha hud-til hud-kontakt med barnet i minst ein time og få ilbod om hjelp til amminga.
Ø Gje mødre praktisk støtte og gjere dei istand til å etablere og oppretthalde amminga . Det inneber også emosjonell og motiverande støtte.
Ø Ekstra oppfølging til førstegongsfødande og dei med tidlegare problem, men også erfarne mødre kan trenge hjelp og veiledning.
Ø Ei god ammestilling og eit godt dietak kan forebygge ammeproblem seinare og forlenge ammeperioden.
Ø Tett oppfølging, støtte og hjelp er viktig for at mødrene blir istand til å etablere ei velfungerande amming. Dette kan og bør inngå i slik oppfølging:
o Informere om og vise eit rett dietak og god ammestilling. Godt dietak vil stimulere mjølkeproduksjonen, sikre at barnet får nok mjølk og forebygger såre brystknopper.
o Informere om tilbod /etterspørsel og ammefrekvens (8-12 gonger i døgnet i starten)
o enkelte trøytte/gule barn og premature barn treng å vekkast for amming
o Ved svært lang ammetid kontroller dietak/ammeteknikk
o avlaste med handmjølking ved svært såre bryst
o Nettovekt av friske nyfødde frå 3. dag.
o ved utreise 2. dag - nettovekt før utreise.
Ø Observasjon av amming.
o jordmor eller barnepleiar som har ansvar for kvinna på kvar vakt.
o gjere ein «ammeobservasjon» der ein observerer ei amming frå start til slutt.
o Være obs på spesielle ufordringar. Til dømes smerter ved amming, såre eller innadvendte brystknoppar, spreng, eksem eller infeksjon.
o Ved såre brystknoppar og/eller stort vekttap (10%) kontroller dietak/ammeteknikk og sjå etter stramt tungeband. Stramt tungebånd hos nyfødte (Ikke tilgjengelig)
Ø Alle skal få skriftleg informasjon og praktisk opplæring i handmjølking Amming: Handmjølking
Ø Tilby ammesamtale med kvinna i løpet av barselopphaldet Barseltida-Ammesamtale
Ø Mødre med barn på nyfødd/barneavdeling skal få hjelp til å etablere og oppretthalde mjølkeproduksjonen ved handmjølking /pumping innan 1-2 timer etter fødselen. Amming: Pumping av brysta
Ø Framandspråklege kvinner skal så langt det fins få tilbod om informasjonsbrosjyre om amming på sitt eige språk
o Ammehjelpen sin nettbrosjyrer om amming Unicef sine digitale brosjyrer er tilgjengeleg i hovudbilde i Barselforløpet «Barseltida i HMR» og på nettidene våre.
o Ammevideoar på ulike språk er også tilgjengelege i Ammehjelpen sine nettsider.
o informer om amming i tolkesamtale
All ammeveiledning, informasjon og råd dokumenterast i Natus
Ø Å gje nyfødde brysternærte anna næring eller væske første dagane etter fødselen forstyrrer etablering av mjølkeproduksjonen. Morsmjølkserstatning fordøyes saktere enn morsmjølk og nyfødde som får anna væske enn morskjølk, vil die færre gonger. Dette fører igjen til mindre effektiv stimulering av mjølkeproduksjonen
Ø Ved behov for tillegg til mors eiga mjølk (premature/svært lav fødselsvekt) bør donormjølk/bankmjølk nyttast om tilgjengeleg og kulturelt akseptabelt. Helst på kopp/skei/hjelpebryst
o Eventuelt gje mor/partner veiledning i «koppmating»
o Eventuelt tillegg skal grunngjevast, registrerast og gjevast i samråd med mor
Ø Lysbehandling er i seg sjølv ikkje indikasjon for å gje morsmjølkerstatning dersom mor har mjølkeproduksjon og barnet kan suge
Ø Viser til prosedyren-” Hypoglykemi hos nyfødt i barselavdelingene –forebygging og behandling Hypoglykemi hos nyfødte i barselavdelingene - forebygging og behandling
Ø Mødre som delammer eller ikkje ammer skal få opplæring i sikker tilberedning og oppbevaring av morsmjølkserstatning. Mødrene skal også få informasjon om korleis dei svarer på barnet sine tidlege teikn på svolt og betydning av hud-mot-hud kontakt også ved flaskemating.
Ø Illustrasjonen under viser storleik/volum på magesekken til eit nyfødd barn
o NB! Viktig å hugse på når det er medisinsk indikasjon for tillegg til mors eiga mjølk!
DAG 1 DAG 2 1 VEKE 1 MND.
Som eit kirsebær Som ei valnøtt Som ei aprikos Som eit stort egg
2-7 ml 22-27 ml 45-60 ml 80-150 ml
Ø Når mor og barn er saman dag og natt, er det lett for mor å lære å gjenkjenne tidlege teikn på svolt og svare på dei. Dette er med på å legge til rette for å etablere amming.
Ø Barselavdelinga skal begrense ulike situasjoner og rutiner som fører til avbrot i amminga under barselopphaldet , og elles gje omsorg og avlasting ved behov.
Ø Viss premature eller sjuke barn må vere på spesialavdeling for behandling og observasjon, må det settas i verk tiltak slik at mor kan vere saman med barnet sitt og det skal ikkje vere begrensningar i besøkstida.
Ø Informere foreldre om bruk av bæretube - eit hjelpemiddel i fremjing av hud-til-hud kontakt Bæreplagg på barsel; bruk og rengjøring
Ø Amming inneber å gjenkjenne og svare på spedbarnet sine teikn på svolt og når det er klart for å die. Sjølvregulering/amming etter behov betyr at det ikkje er nokon begrensningar i brystmåltida i antall og varigheit.
Ø Mødre skal få råd om å amme når barnet viser teikn på svolt og så ofte som barnet ønsker å die. Skjemamating, det vil seie å amme etter klokka, er ikkje anbefalt.
Ø Det er viktig at mødrene har kunnskap om at gråt er eit seint teikn på svolt, og at det er vanskelegare å få til eit godt sugetak og finne ei god ammestilling når barnet er svolten og gret.
Ø Riktig veiledning og rådgiving til mor//partner og familiemedlemmar gjer dei i stand til å gjere eit informert valg om bruk eller unngått bruk av smokk og flaske inntil velfungerande amming er etablert.
Ø Sjølv om WHO sine retningslinjer ikkje absolutt fraråder bruk av flasker og smokker til fullborne barn, er det fleire grunnar til å vere forsiktig med dette. Inkludert hygiene, utvikling av kjeve /munnhole og gjenkjenning av tidlege teikn på svolt.
Ø Opphaldet på føde-barsel skal gje mødrene grunnleggande kunnskap og ferdigheiter om amming, men mjølkeproduksjonen er som regel ikkje fullt etablert ved heimreise. Støtte og hjelp til ammingen er difor heilt avgjerande og nødvendig i dagane og vekene etter heimreise for å kunne identifisere ammeutfordringar.
Ø Når mor og barn reiser heim etter fødselen, skal barselavdelingen informere kommunen via helsetasjon om heimreise.
Ø Helseforetaket og kommunene er forplikta til å inngå samrbeisdavtaler og utarbeide ei fleirårig lokalt tilpassa plan for svangerskaps-, fødsels- og barseltilbodet i helseregionen. I HMR blir dette ivaretatt av Fagleg samarbeidsutval for svangerskaps-, fødsels- og barselomsorg.
Ø Foreldre skal få informasjon om kva for helsestasjon dei tilhøyrer og informert om at dei i vårt fylke kan kontakte barselavdeling på kveld/natt og helg dei første 14 dagane når helsestasjonen er stengd. Helsestasjon skal ha etablert kontakt og besøk innan få dager etter heimreise.
Ø Jordmor har ansvar for at amming vert tatt opp som tema i utreisesamtalen Barseltida - Utreisesamtale
o jordmor oppsummerer saman med mor ammesituasjonen så langt, samt tidlegare ammerfaring- og dokumenterer i rapport/melding til helsestasjon.
o Barselkvinna får med kopi av rapporten ved heimreise.
Ø Dele ut brosjyra «Velkommen til Barselpoliklinikk –Sjukehusa i Møre og Romsdal» ved utreise som er lenka til prosedyra Barselpoliklinikk - Retningslinjer for poliklinisk oppfølging
Ø Informere om nettsida til Ammehjelpen og tilby deira brosjyre
Ø Ved ammeproblem/utfordringar der det er behov for tidleg oppfølging frå helsestasjonen skal jordmor kontakte helsesjukepleiar (event. kommunejordmor) pr. telefon før heimreise
Ø Tidleg melding om at kvinna har født blir sendt til heimkommunen like etter fødselen.
Ø Melding om utreise vert sendt elektronisk via Doculive ved utreise.
Relatert
Aktuelle prosedyrer, vedlegg og lenker ligger under fanen «Relatert»