Barseltida-Postpartumsamtale v. 1.2

 

Hensikt og omfang

Postpartumsamtalen er ein gjennomgang av fødselsforløpet saman med fødekvinna  og hennar partner. Tilbod om slik samtale skal gjevast til alle kvinner som har fødd ved fødeavdelingane i Helse Møre og Romsdal.

Samtalen kan vere ei hjelp for paret i prosessen å legge bak seg  både ukompliserte og kompliserte fødselsforløp.

Samtalen vil også gje jordmor moglegheit  til å reflektere over kvaliteten på eige arbeid og vere eit utgangspunkt for auka sjølvinnsikt og fagleg utvikling.

Etter samtalen skal kvinna ha fått auka forståing og kunnskap om fødselen og forhåpentlegvis gå styrka vidare.

Viktig at kvinna får positiv respons på arbeidet ho har gjort.

 

Ansvar

Jordmor ved fødselen har ansvar for å gjennomføre postpartumsamtalen medan kvinna er innlagt på barselavdelingen. Eventuelt kan jordmor som har hatt deler av fødselsforløpet eller har utreisesamtale med kvinna utføre postpartumsamtalen. Hvis fødselen var spesielt komplisert eller kvinna har spesielt behov for å snakke med jordmor ved fødselen, kan samtalen utføres poliklinisk eller pr telefon i etterkant.

Ved behov for tolk utføres samtalen i barselavdelingen

Hensikt

Postpartumsamtalen gir kvinna anledning til å snakke med jordmor om fødselen og fødselsopplevinga. Eventuelle misforståingar  kan oppklarast. Jordmor kan ved hjelp av samtalen identifisere kvinner som har behov for vidare oppfølging.

Partner oppfordrast til å vere med ved samtalen.

Det er viktig at jordmor set av tilstrekkeleg tid for samtalen. Vidare at jordmor er nærværende og møter paret ved å vere lyttande og støttande gjennom prosessen.

 

Momentliste

Ø  Kvinna og partner si oppleving av fødselen

Ø  Kva for kjensler var gjeldande under fødselen

Ø  Kvinna sin eigen refleksjon og vurdering av fødselen.

Ø  Tilby faglig gjennomgang av partogrammet/fødselsforløpet

 

Generelt i samtalen med barselkvinna er det viktig å vere lydhør og open for henna historie, opplevingar og spørsmål. Partner må også få ta ordet. Det må etablerast eit deltakande forhold og jordmor må anerkjenne kvinna sine kjensler og opplevingar av fødselen, men også korrigere misforståingar som kan ha oppstått.

Nokre har nytte av å gjennomgå fødselsforløpet kort tid etter fødsel, medan behovet også kan melde seg igjen ved eitt nytt svangerskap. Ved traumatiske fødselsopplevingar  må det vurderast behov for og tilbod om ny samtale/etterkontroll nokre veker etter fødsel og/eller henvisning til andre instansar.

Dokumentasjon

Jordmor dokumenterer at Postpartumsamtale er gjennomført i NATUS/barseloversikt ved å krysse av i rubrikken «Postpartumsamtale Jordmor»

Viss spesielle problemstillingar dukkar opp skriv eit notat i Natus

Relatert

Aktuelle prosedyrer, vedlegg og lenker ligger under fanen «Relatert»

Referansar

 

Jordmorboka 2017, Brunstad / Tegnander ISBN 978-82-7950-113-8

Postpartumsamtale, prosedyre St.Olavs

Nasjonal retningslinje for barselomsorgen «Nytt liv og trygg barseltid for familien»