Sikre at barselkvinnene får generell og /eller individuell informasjon om viktigheit av fysisk aktivitet, opptrening av bekkenbotn og gode treningsråd i tida etter fødsel og keisarsnitt.
Gjeld alle jordmødre, barnepleiarar, legar og vikarar for desse i AFK som samarbeider med fysioterapeutane ved dei 4 sjukehusa i HMR.
Brosjyren omhandler generelle råd om korleis trene og vere i aktivitet dei første 6 vekene etter fødsel; barseltida.
Tema som blir omtala er
Ø Bekkenbotn og bekkenbotntrening
Ø Gode kvilestillingar
Ø Øvingar for skuldre og nakke
Ø Magemuskeltrening
Ø Ryggmuskeltrening
Ø Bekkenleddsmerter
Ø Spesifikke treningsråd etter keisarsnitt
Tilbod om trening med fysioterapeut varierer ved dei 4 sjukehusa
I tillegg til brosjyren vår på norsk og engelsk ligg ein informasjonsfilm til gravide /barselkvinner om bekkenløysning som lenke til prosedyren.
Det er også lenke til bekkenbotntrening på 30 språk .
Ø Jordmor/ barnepleiar gir munnleg informasjon om kva tilbod om trening /informasjon frå fysioterapeut den enkelte barselavdeling kan tilby.
Ø Jordmor/barnepleiar deler ut informasjonsbrosjyren «Fysisk aktivitet og øvingar i tida etter fødsel og keisarsnitt» .
Ø Lege henviser til fysioterapeut ved behov og alltid ved perinealruptur grad III og IV
Ø I tillegg til å dele ut brosjyren bør fysisk aktivitet /trening vere eit moment i utreisesamtalen
Informasjonsbrosjyre på norsk og engelsk
Informasjonsfilm om bekkenløysning
Bekkenbotntrening på 30 språk
Helsebiblioteket – informasjon
Up to date- februar 2019
«Nytt liv og trygg barseltid for familien» Nasjonal faglig retningslinje for barselomsorgen, Helsedirektoratet 2014