Skjema for antibiotikaresistente bakterier-forhåndsundersøkelse av pasienter. v. 1.4

Ansvar

Ansatte med ansvar for elektroniske innkallingsbrev

Retningslinja er tilgjengeleg på HMRs internettside «Viktig informasjon til pasientar og besøkande på sjukehuset». Lenke vert lagt inn i pasientanes elektroniske innkalling. Gjeld pasientar som skal til time på røntgen, poliklinikk og til innlegging.

Til deg som har fått time eller skal innleggast på sjukehuset.

Bakteriar som er motstandsdyktige mot antibiotika (MRSA/ESBL/VRE) er eit omfattande helseproblem. Sjukehusa er difor pålagde å førebygge spreiing av desse (Smittevernlova). Vi bed deg difor om å svare på spørsmåla nedanfor.

Dersom du svarar ja på minst eit av spørsmåla, må du kontakte fastlegen snarast før timen for å avklare om du skal ta prøver. Ta evt med dette skjemaet til fastlegen.

Please find enclosed information in English (vedlegg):
To persons who have received an outpatient appointment or will be hospitalized

 

Har du i løpet av siste 12 månadene vore i land utanfor Norden og der:

 

 

         vore innlagt i helseinstitusjon (inkl. behandlingsreiser)?

 

_  Ja 

_  Nei

  • fått omfattande helseundersøking eller behandling (inkl. tannbehandling)?

 

_  Ja 

_  Nei

  • arbeidd som helsearbeidar?

_  Ja 

_  Nei

  • oppheldt deg i barneheim eller flyktningleir?

 

_  Ja

_  Nei

Eller har du:

 

  • nokon gong fått påvist bakteriar som er motstandsdyktige mot antibiotika?

 

_  Ja 

_  Nei

  • budd sammen med personar som har fått påvist bakteriar som er motstandsdyktige mot antibiotika i løpet av dei siste 12 månadane?

 

_  Ja 

_  Nei

  • budd i mottak for asylsøkarar i løpet av dei siste 12 månadane?

_  Ja 

_  Nei

 

Både prøvetaking og eventuell behandling hjå fastlegen er gratis.

Til legen:

Forhandsundersøking av antibiotikaresistente bakteriar: MRSA, VRE og ESBL.

 

Varsling: Dersom det vert påvist antibiotikaresistente bakteriar, skal fastlegen varsle behandlingsansvarleg lege ved sjukehuset slik at naudsynte tiltak kan gjennomførast før den planlagde behandlinga.

 

Dersom personen har svart ja på eit av spørsmåla må legen konkretisere kva prøver som skal takast, ta dei prøvene, og gi informasjon til sjukehuset slik det framgår av tabellen nedanfor:

MRSA-prøve skal takast av alle som har svart ja på eit eller fleire av spørsmåla.

VRE- og ESBL- prøve skal takast av dei som skal til innlegging i sjukehuset dersom dei siste året har

         vore innlagt på helseinstitusjon utanfor Norden eller

         budd i husstand med person som har fått påvist/bebuar ved institusjon med utbrot av VRE eller ESBL

 

Prøvetaking:

Prøver skal takast fylgjande stadar:

MRSA: E-swab ytterst i kvart nasebor med same pensel, svelg inklusiv tonsiller og perineum. I tillegg gjeld sår, eksem, ferske arr eller andre defekter i huda, innstikkstadar for framandlekamar, viss pasienten har permanent urinkateter skal ein også ta urinprøve.

VRE/ESBL: Fecal swab, pensel må førast 3-5 cm inn i rectum (ikkje naudsynt med synleg avføring). Tilleggsprøver skal takast med e-swab frå sår dersom det er sekresjon, og urinprøve dersom pasienten har urinkateter.