Hensikta med retningslina er å sikre og samordne opplæringa av revisorar i internrevisjon og revisjonspraksis i føretaket.
Fagavdelinga HTU utarbeidar opplæringsprogram. Kvar klinikk utnemner eit revisjonslag og sørgjer for at opplæringa skjer etter opplæringsprogrammet. Klinikkane organisere opplæringa i eigen klinikk. Systemansvar ligg til fagavdelinga.
Kvalitetsrådgjevarar og internrevisorar i den enkelte klinikk. Dette må vere personell som har evne til å jobbe sjølvstendig, systematisk og i tillegg har gode samarbeidsevner. Det er ein føresetnad at ein har god kjennskap til EQS.
Gje tilstrekkeleg teoretisk og praktisk kompetanse for å kunne gjennomføre interne revisjonar, herunder forståing for dei ulike delane i revisjonsprosessen og kunnskap om viktige prinsipp for revisjon.
Begrepsforståing og avklaring, kva er:
Kursdeltakar skal i løpet av kurset gjennomføre ein sjølvstendig revisjon.
Etter kurset skal du
• Ha kunnskap om ulike metodar for internrevisjon
• Kunne utforme ein revisjonsplan
• Kunne gjennomføre ein internrevisjon
• Kunne skrive revisjonsrapport
• Vere ein del av klinikken/ avdelinga si internrevisjonsteam
Leiinga har ansvar for at det blir sett av tilstrekkeleg tid for internrevisor for gjennomføring og førebuing til internrevisjon.
Dag 1 teorikurs ved HTU fagavdelinga:
Betydinga av internrevisjon.
Teori:
Utarbeiding av revisjonsplan og dokumentgjennomgang knytt til aktuell revisjon er ein del av den praktiske opplæringa. Planen må utarbeidast i forkant av den planlagde revisjonen i samband med kurset. Klinikken er sjølv ansvarleg for at denne planen blir utarbeidd.
Dag 2 gjennomførast i eigen klinikk:
- dokumentgjennomgang knytt til aktuell revisjon
- gjennomføring av internrevisjon
Dag 3 gjennomførast i eigen klinikk:
- rapportskriving
- erfaringsutveksling
Kurset kombinerer teoretisk opplæring med at den enkelte kursdeltakar skal gjennomføre ein konkret revisjon. Den enkelte vil få individuell rettleiing i revisjonsprosessen av ein med praktisk erfaring frå internrevisjon frå eigen klinikk. Kvalitetsrådgjevar for klinikken skal vil vere tilgjengeleg under heile kurset. Fagavdelinga bidreg med råd og rettleiing til klinikkens kvalitetsrådgjevar i den grad det er ressursar til det. Kurset er ein kombinasjon av teori, rettleiing og sjølvstudium.
Kursleiarar:
Internt kurs bør leiast av person som har kunnskap og erfaring med internrevisjon. Det bør leggast til rette for at kursleiarar får delta i aktuelle eksterne kurs ved behov.
Gjennomføring av kurs:
Fagavdelinga gir tilbod om teorikurs årleg, vanlegvis i byrjinga av året og eventuelt eit på hausten ved behov. Fysisk samling eller via Teams. Dette blir lagt ut i Læringsportalen. Årlege nettverkssamlingar for etablerte internrevisorar blir lagt ut i Læringsportalen. Kvar klinikk er sjølv ansvarleg for den praktiske del av opplæringa. I samband med kurset må kursdeltakarane ha tilgang på personleg arbeidsplass med pc.
Det blir evaluering etter teorikurs dag 1 og ei evaluering hos det enkelte revisjonslag etter gjennomført dag 3.
Annonsere på Læringsportalen.
Kursbevis i Kompetanseportalen
Internrevisjon, Rettleiande overordna årsprogram 2025 - 2027 (Ikke tilgjengelig)
Presentasjon teori gjennomgang
Lov om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten m.m.
Forskrift om ledelse og kvalitetesforbedring i helse og -omsorgstjenesten