Sikre at HMR fokuserer på å redusere miljøavtrykket gjennom kontinuerleg forbetring og strategiske prioriteringar som bidrar til høg kvalitet i pasientbehandlinga og samtidig reduserer miljøavtrykket, der det er mogeleg.
Gjeld heile verksemda til Helse Møre og Romsdal HF.
Helse Møre og Romsdal skal redusere sitt miljøavtrykk ved å levere tenester av
høg kvalitet, utan skade og unødig ressursbruk.
Som føretak er vi bevisst vårt klimafotavtrykk og gjennom stadige forbetringar skal vi førebygge og redusere miljøskadane som verksemda vår fører med seg.
For å lukkast med det må vi ha oversikt over dei utfordringar og muligheiter vi har som føretak, og følgjer dei eksterne og interne krav som stilast til oss. Slik sikrar vi høg kvalitet i pasientbehandlinga og samtidig redusere vi miljøavtrykket vårt, der det er mogeleg.
Miljøsatsinga skal vere ein integrert del av kvalitetsarbeidet og av det lovpålagde arbeidet med helse, miljø og tryggleik (HMT). Arbeidet er underlagt same system for dokumentasjon, revisjonar og avvikshandtering.
FNs bærekraftmål er verdas felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, bekjempe ulikhet og stoppe klimaendringane innan 2030. Bærekraftig utvikling handlar om å ta vare på behova til menneske som lever i dag, utan å øydelegge framtidige generasjoners moglegheiter til å dekke sine behov. Bærekraftmåla gjelder for alle land i verden, og regjeringa har forplikta Norge til å arbeide for å nå måla.
Hausten 2021 vedtok dei fire helseregionane felles klima- og miljømål for spesialisthelsetenesten:
Handlingsplan ytre miljø 2022-2025 Helse Møre og Romsdal HF skal bidra til en samla innsats for å redusere føretakets miljøavtrykk, med fokus på nokre prioriterte område. Områda er valt ut med utgangspunkt i vår kjerneverksemd og Vesentlige miljøaspekt i Helse Møre og Romsdal 2018/2019. HMR ønskjer å prioritere områder som både sikrar høg kvalitet i pasientbehandlinga og samtidig redusere miljøavtrykket vårt.
Sjukehusdrift førar med seg miljøutslepp direkte gjennom behandling av pasientar og indirekte gjennom drift av bygg, anlegg, transport, innkjøp og logistikk. Energiforbruket til HMR tilsvara ca. 2500 hushaldningar og vi har et CO2 utslipp på ca. 22 000 tonn. Vi treng straks tiltak om vi skal unngå at temperaturen på jorda stig drastisk.
Kartlegging av vesentlege miljøaspekt Miljøkartlegging, Klinikk for drift og eigedom (Ikke tilgjengelig) viser at HMR har størst utfordringar knytte til transport, avfall og unødig ressursbruk, og vi kastet mest av alt restavfall og smittefarlig avfall. Uønskt ressursbruk og svinn er også ei stor utfordring i føretaket. Til dømes kan ei uønskt hending som pasientskade føre med seg auka ressursbruk som forlenga liggetid, auka forbruk av utstyr, mat, legemiddel, re-innlegging og re-operasjonar. Ved å sikre rett behandling første gong, kan vi med andre ord også førebygge unødig energiforbruk og klimagassutslepp.
Handlingsplan ytre miljø 2022-2025 Helse Møre og Romsdal HF konkretiserer utvalte satsingsområde innanfor kvart miljømål. Prioritering av tiltak vert gjort lokalt i kvar eining og vert følgt opp i leiingas gjennomgang.
Kontekstmodell for Helse Møre og Romsdal HF
Vesentlige miljøaspekt i Helse Møre og Romsdal (Ikke tilgjengelig)
Handlingsplan ytre miljø 2022-2025 Helse Møre og Romsdal HF
Ledelsessystemer for miljø. Spesifikasjon med veiledning (ISO 14001:2015) kap. 5.2