Denne prosedyren skal sikre at alle tilsette i Helse Møre og Romsdal HF er informert om kven som har ansvar i samband med miljø- og klimaarbeidet i føretaket.
Prosedyren gjeld for alle tilsette i føretaket.
Alle medarbeidarar pliktar å sette seg inn i og følgje opp dei prosedyrane som gjeld for miljø- og klimaarbeidet i føretaket ved å:
• Kjenne til innhaldet i miljøpolitikken og den overordna målsettinga
• Gjennomføre e-læringskurset ytre miljø.
• Ha fokus på arbeidsprosessar og aktivitetar i klinikk/avdelinga/seksjonen som har eller kan ha konsekvensar for miljø og klima.
• Melde forbetringsforslag og avvik på ytre miljø EQS.
• Ha kjennskap til lover, føreskrifter og krav til ytre miljø innafor eige ansvarsområde.
Ansvaret for miljøarbeidet skal ligge i linja.
For å sikre at Helse Møre og Romsdal HF følgjer opp dei mål som er nedfelt i miljøpolitikken har føretaket sine tilsette ulike oppgåver i miljøstyringssystemet.
Administrerande direktør har det overordna ansvaret for miljøarbeidet, det inneber å:
• Syte for godkjenning av den overordna miljøpolitikken etter revisjon og oppdatering
• Syte for godkjenning av dei overordna miljømåla etter årleg revisjon og oppdatering
• Sikre at organisasjonen har eit godt fungerande miljøstyringssystem
• Sikre at det er tilstrekkeleg ressursar til miljøarbeidet
Føretaksleiinga skal støtte administrerande direktør i miljøarbeidet ved å:
• Sikre innføring av miljøstyringssystemet og framdrifta i miljøarbeidet i sine respektive klinikkar/stabsavdelingar.
• Vurdere miljøaspekta ved drifta av føretaket og prioritere igangsetting av miljøprosjekt ved behov.
• Sikre at ansvarsområdet alltid har en miljøkontakt, enten på klinikk, avdeling eller seksjonsnivå.
• Miljøkontakten får frigjeve naudsynt tid til å følgje opp dette arbeidet i arbeidstida.
• Føretaket oppfyller sin miljøpolitikk og miljømålsetting.
Avdelingsleiar og/eller seksjonsleiar skal innanfor sitt ansvarsområde legge til rette for at:
• Føretaket oppfyller sin miljøpolitikk og miljømålsetting.
• Syte for at prosedyrar og rutinar utover dei overordna, og som ivareteke det ytre miljø med utgangspunkt i eiga avdeling, både vert utarbeidd, gjort kjent og fylgt opp. Dette eksempelvis handlingsplan ytre miljø, kartlegging av miljøaspekt og driftsprosedyrar.
• Sjå til at alle medarbeidarar går igjennom opplæring. Viser til Ytre miljø- Sentral opplæringsplan.
• Sikre at uønska hendingar vert rapportert, fylgt opp og sikrar læring og utvikling.
• Vurdere miljøkrav ved innkjøp/bestilling av varer
• Rådgjevar for miljøstyring skal syte for at prosedyrar som omhandlar ytre miljø er relevante og oppdaterte.
• Miljørådgivar skal og halde føretaket og leiinga orientert om miljøarbeidet, til dømes ved samsvarsvurderingar og Ledelsens gjennomgang.
• Utarbeide årleg miljørapport og klimarekneskap.
• Justering og oppfølging av miljøhandlingsplan i organisasjonen.
• Ansvar for å oppdatere oversikt over miljøkontaktane i organisasjonen.
• Oppfølging av uønska hendingar (avviksmeldingar i EQS knytt til miljø og klima, sjå «Prosedyre for registrering av avvik knytt til miljø og klima».
• Planlegging og gjennomføring revisjon ISO 14001 ytre miljø.
Det er ein miljøkontakt i kvar klinikk, avdeling eller seksjon. Miljøkontakt plasserast på det nivå som er mest hensiktsmessig for den enkelte klinikk.
Hovudoppgåva for miljøkontakten er å bistå leiar i den respektive eininga med den praktiske gjennomføringa av leiaransvaret knytt til miljø og klima, og såleis vere verneombodet sin samarbeidspartnar i spørsmål knytt til det ytre miljø.
(ISO 14001, Kap. 04.04.01-1)