Sikre at meir enn 80 % av dei tilsette i Helse Møre og Romsdal har den miljøkompetansen som er naudsynt for å minimere negativ miljøpåverknad, og sikre gode miljøval i samanheng med utøving av daglig arbeid.
Ansvar |
Ansvarsoppgåver |
|||
Kvalitetssjef |
Overordna ansvar for godkjenning av opplæringsplanen |
|||
Rådgjevar miljøstyring |
Fagleg ansvar for opplæringsplanen når det gjeld innhald og evaluering. Den som har ansvar for sentral opplæringsplan har også ansvar for kontinuerleg vurdering av om innhaldet i læringsløpet svarer ut læringsmåla. Legge til rette for og bidra med opplæringstiltak(e-læring, klasseromskurs og liknande) |
|||
Nærmaste leiar |
· Ansvar for tildeling av arbeidsoppgåver, roller, funksjonar · Tildele individuell kompetanseplan i Kompetanseportalen, ref. Sentrale krav i Kompetanseportalen · Legge til rette for gjennomføring av opplæringa for alle tilsette · Dokumentere opplæring ved å godkjenne gjennomført individuell kompetanseplan i kompetanseportalen |
|||
Den enkelte tilsette |
Gjennomføre og dokumentere pålagt opplæring i Kompetanseportalen/Læringsportalen |
|||
Deltema |
Læringsmål |
Målgruppe |
Læringsaktivitetar |
Frekvens |
Helse Møre og Romsdals miljøstyringssystem |
Minst 80 % av alle tilsette skal forstå korleis pasientbehandling og generell drift påverkar det ytre miljø og korleis dei kan førebygge miljøavtrykk i arbeidstida.
Minst 80 % av alle tilsette skal kjenne til: · Miljøpolicy- overordna retning for miljøarbeidet · Vesentlege miljøaspekt- områder med utfordring relatert til ytre miljø · Handlingsplan for ytre miljø- mål og tiltak · Miljøportalen- Prosedyrar aktuelle for ytre miljø |
Alle |
Prosedyrar i miljøportalen
|
Så snart som mulig etter tilsetting, og deretter kvart 3. år |