Organisering av Avdeling for medisinsk biokjemi v. 1.13

         Hensikt

Å gi oversikt over organiseringa av Avdeling for medisinsk biokjemi.

Omfang

Gjeld alle tilsette ved Avdeling for medisinsk biokjemi i Helse Møre og Romsdal HF.

Bakgrunn

Avdeling for medisinsk biokjemi er ei av fem avdelingar i Klinikk for diagnostikk i Helse Møre og Romsdal HF. Fagområdet medisinsk biokjemi er organisert på tvers av sjukehusa og har seksjonar i Kristiansund (MBK), Molde (MBM), Volda (MBV) og Ålesund (MBÅ).
Avdelingssjef ved Avdeling for medisinsk biokjemi er direkte underlagt klinikksjef i Klinikk for diagnostikk og er ansvarleg overfor denne både fagleg, administrativt og økonomisk.

Fagområde

Medisinsk biokjemi/laboratoriemedisin og transfusjonsmedisin.

         Sentrale oppgåver og utfordringar

Avdeling for medisinsk biokjemi utfører blodprøvetaking på pasientar innlagt i sjukehusa og i poliklinikken, analysering av prøvar innan fagfelta medisinsk biokjemi, immunologi og transfusjonsmedisin, samt tapping og framstilling av blodkomponentar ved alle fire sjukehusa i Møre og Romsdal. Avdelinga er ansvarleg for å yte service av høg fagleg kvalitet overfor pasientar, rekvirentar og andre samarbeidspartnarar innanfor fagområdet medisinsk biokjemi og transfusjonsmedisin i Møre og Romsdal. Verdiane tryggleik, respekt og kvalitet ligg til grunn for arbeidet i avdelinga.

Avdeling for medisinsk biokjemi underviser og rettleier bioingeniørstudentar, medisinstudentar og andre yrkesgrupper innan aktuelle laboratoriefaglege emne, her under pasientnære undersøkingar.

Avdeling for medisinsk biokjemi deltek i nasjonale og internasjonale forskingsprosjekt.

Det er utarbeid mål og kompetanseplan for avdelinga. Sjå Mål for 2021 og langtidsmål (2026) for Avdeling for medisinsk biokjemi (Ikke tilgjengelig) og Kompetanse- og aktivitetsplan 2021-2024 - Avdeling for medisinsk biokjemi (Ikke tilgjengelig)

         Ansvar og mynde

Lover og forskrifter

Spesialisthelsetjenesteloven § 3-9: ”Ledelse i sykehus. Sykehus skal organiseres slik at det er en ansvarlig leder på alle nivåer. Departementet kan i forskrift kreve at lederen skal ha bestemte kvalifikasjoner. Dersom kravet til forsvarlighet gjør det nødvendig, skal det pekes ut medisinskfaglige rådgivere.»  

Forskrift om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten § 4. Definisjon: «I denne forskriften betyr styringssystem for helse- og omsorgstjenesten den del av virksomhetens styring som omfatter hvordan virksomhetens aktiviteter planlegges, gjennomføres, evalueres og korrigeres i samsvar med krav fastsatt i eller i medhold av helse- og omsorgslovgivingen.»

Helsepersonelloven § 16 Virksomhet som yter helsehjelp, skal organiseres slik at helsepersonellet blir i stand til å overholde sine lovpålagte plikter.

Organisering av Avdeling for medisinsk biokjemi

Avdelingssjef

Brit Valaas Viddal

Seksjonsleiarar

Kristiansund:

Marit Sivertsen

Molde:

Cecilie Eikrem Myklebust

Volda:

Joar Ulstein

Ålesund:

Marie Nora Roald

Stabsstillingar

Medisinskfagleg rådgivar, spesialist i medisinsk biokjemi: Jon Kvannes
Laboratoriefagleg rådgivar, europeisk spesialist i klinisk kjemi og laboratoriemedisin: Lutz Schwettmann

IKT-konsulent: Kjell Magne Sunde

Koordinator for blodbankane

Avdelinga har utnemnt koordinator for blodbankane i Avdeling for medisinsk biokjemi: fagbioingeniør ved seksjon Molde, Katrine Rindarøy.

Noklus

Noklus: Konsulentane Steinar Holmeset, Mona Beate Torvik og Anja Haukeberg.
Noklus-spesialist Lutz Schwettmann.

Organisasjonskart

Ansvar/rapporteringsvegar

Organisasjonskartet viser fagleg og administrativt ansvar. Helse Møre og Romsdal HF har fire leiarnivå:

Adm. direktør (1. leiarnivå) → Klinikksjef (2. leiarnivå) → Avdelingssjef (3. leiarnivå) Seksjonsleiar (4. leiarnivå)

Leiarane på dei fire nivåa har totalansvar innanfor sitt ansvarsområde. I totalansvar inngår kvalitet, personell, fag og økonomi, med tilhørande mynde for verksemda innan dei til ein kvar tid gitte rammer.

Alle avdelingane i klinikken har oppnemnt medisinskfagleg rådgivar ut frå  forsvarlighetskravet.

Medarbeidarsamtale

Leiarar med personalansvar skal årleg gjennomføre medarbeidarsamtale med sine tilsette.

Stillingar, funksjonar og kompetanse

Det er utarbeid felles malar for funksjonsbeskrivelse for bioingeniør, bioingeniør II, fagbioingeniør, kvalitetskoordinator, seksjonsleiar, ass.seksjonleiar, overlege , helsesekretær/sekretær og avdelingssjef. Sjå Funksjonsbeskrivelse bioingeniør - mal (Ikke tilgjengelig), Funksjonsbeskrivelse bioingeniør II - mal (Ikke tilgjengelig), Funksjonsbeskrivelse fagbioingeniør - mal (Ikke tilgjengelig), Funksjonsbeskrivelse kvalitetskoordinator - mal (Ikke tilgjengelig),Funksjonsbeskrivelse seksjonsleiar - mal (Ikke tilgjengelig), Funksjonsbeskrivelse assisterande seksjonsleiar - mal (Ikke tilgjengelig), Funksjonsbeskrivelse overlege - mal (Ikke tilgjengelig), Funksjonsbeskrivelse helsesekretær/sekretær - mal (Ikke tilgjengelig) og Funksjonsbeskrivelse avdelingssjef - mal (Ikke tilgjengelig).

Funksjonsbeskrivingane skal ikkje vere til hinder for elastisitet og fleksibilitet i stillingane.

Dokumentasjon på kompetanse

Alle tilsette skal ha eit utfylt CV-skjema i Kompetanseportalen som viser utdanning, praksis og kurs dei har deltatt på.

Avdelingssjef

Avdelingssjef har eit samla ansvar for utvikling og drift av avdelinga og skal sikre at avdelinga blir drive i samsvar med overordna føringar (strategiar, styringsdokument, lover, forskrifter etc.) og innanfor gjeldande fullmakter og økonomiske rammer.

Krav knytt til kvalitet, aktivitet og økonomi skal ha fokus. Det skal leggjast vekt på brukarmedverknad, heile pasientforløpet og kva som tener brukaren/pasienten.

Avdelingssjef er leiar for blodbankane i Møre og Romsdal. 

 

Oppgåver

  • Kontinuerleg vurdere behovet for, initiere og gjennomføre nødvendige endringsprosessar.
  • Ta eit heilskapleg ansvar for resultata verksemda skaper, og sjå til at dette skjer innanfor fastsette rammer.
  • Ha det overordna faglege ansvaret i avdelinga i samarbeid med medisinskfagleg og laboratoriefagleg rådgivar.
  • Ta ansvar for alle medarbeidarar og yrkesgrupper i verksemda, og sikre at arbeidsmiljø og organisasjonskultur er tilpassa oppgåvene som skal løysast.
  • Sikre god kommunikasjon og informasjon av omsyn til oppgåveløysing, og for å fremje openheit og demokrati internt og eksternt.
  • Meldingsansvarlig for avdelinga

Medisinskfagleg rådgivar og laboratoriefagleg rådgivar

Medisinskfagleg rådgivar er spesialist i medisinsk biokjemi.

Laboratoriefagleg rådgivar er europeisk spesialist i klinisk kjemi og laboratoriemedisin.

Oppgåver

  • Delta i avdelingsråd og kvalitetsråd og vere rådgivar for avdelingssjef
  • Sjå til at avdelinga blir drive etter gjeldande laboratoriemedisinsk standard og etter gjeldande lover og retningsliner
  • Ha eit særleg ansvar for at nødvendige laboratoriemedisinske prosedyrar er på plass og vurdere analyser og undersøkingar ut frå eit medisinsk og biokjemisk perspektiv
  • Samarbeide med fagbioingeniørane i metodeval, metodevalidering/verifisering og kvalitetsovervaking

Seksjonsleiar

Avdeling for medisinsk biokjemi har seksjonsleiar ved dei fire seksjonane. Seksjonsleiar har mynde til å leie, organisere, drifte og utvikle seksjonen innanfor dei til ei kvar tid tildelte økonomiske rammer, gjeldande lovar og reglar og gjeldande fullmaktsreglement.

Oppgåver

  • Delta i avdelingsråd, kvalitetsråd og samarbeidsråd
  • Ha overordna ansvar for tilrettelegging, prioritering og utføring av arbeidsoppgåver ved sin seksjon
  • Etablere og følgje opp kvalitetsrutinar innan fagområdet, i samarbeid med medisinsk og teknisk personell
  • Ansvar for oppfølging av personalet
  • Meldingsansvarleg ved seksjonen

Koordinator for blodbankane

Koordinator for blodbankane er ein tilleggsfunksjon for ein av fagbioingeniørane i avdelinga.

Oppgåver

  • Vere blodbankane sin representant i avdelingsråd, samarbeidsråd og kvalitetsråd
  • Vere rådgivar for avdelingssjef
  • Vere kontaktperson ved tilsyn ved blodbankane
  • Koordinere arbeidet mellom dei fire blodbankane

IKT-konsulent

IKT-konsulentene i KfD er organisert i kvar si avdeling, AMB og AMM. Dei skal likevel samarbeide tett om ulike arbeidsoppgåver. Sjå funksjonsbeskrivinga.

Kvalitetskoordinatorar

Avdeling for medisinsk biokjemi har fire kvalitetskoordinatorstillingar i ulike stillingsbrøkar. Kvalitetskoordinatorane er organisert på seksjonsnivå og rapporterer til seksjonsleiar i kvar seksjon. Kvalitetskoordinator skal ha tett kontakt med kvalitetsrådgivar i klinikken.
Sjå Organisering av Medisinsk biokjemi Kristiansund (Ikke tilgjengelig), Organisering av Medisinsk biokjemi Molde (Ikke tilgjengelig), Organisering av Avdeling for medisinsk biokjemi Volda (Ikke tilgjengelig) og Organisering av Medisinsk biokjemi Ålesund (Ikke tilgjengelig)

Noklus

Noklus står for Norsk kvalitetsforbedring av laboratorieundersøkelser. Det er tre Noklus-konsulentar i Møre og Romsdal. Desse deler oppfølging av legekontor, sjukeheimar og heimetenester mellom seg. I følgje avtale inngått mellom Noklus og Regionalt helseføretak, skal Noklus-konsulentane vere tilsett i sine respektive helseføretak og skal integrerast i laboratoria si samla verksemd på ein slik måte at arbeidet sin særlege karakter og nøytralitet blir ivaretatt. Ansvarleg spesialist for Noklus Møre og Romsdal er laboratoriefagleg rådgivar ved Avdeling for medisinsk biokjemi.

Andre

I stab til klinikksjef er kvalitetsrådgivar. Sjå Organisering av Klinikk for diagnostikk (Ikke tilgjengelig)

Tillitsvalde og verneombod

Alle seksjonane har seksjonstillitsvalde og seksjonsverneombod. Eit av verneomboda er avdelingsverneombod og deltek i avdelinga sitt kvalitetsråd.

Budsjett/stillingar

Avdeling for medisinsk biokjemi

 2021

Bruttobudsjett

160 mill

Salgs- og driftsinntekter

89 mill. (uten ramme)

Tal stillingar

134

Tal tilsette

Ca. 170

Møtestruktur

Avdelingsråd

Avdelingsrådet er avdelingssjefen sitt rådgivande forum. Avdelingsrådet har møte månadleg. Det blir laga saksliste og skrive referat frå møta. Referata blir lagt ut på verksemdsportalen.

Desse utgjer avdelingsrådet:

- avdelingssjef

- seksjonsleiarane

- medisinskfagleg rådgivar

- laboratoriefagleg rådgivar

- koordinator for blodbankane

Kvalitetsråd

Mandat for kvalitetsråd er gitt i overordna retningsliner. Kvalitetsråd har møte 4-6 gongar i året.

Desse utgjer kvalitetsrådet i avdelinga:

- avdelingssjef - leiar
- kvalitetsrådgivar
- seksjonsleiarane
- medisinskfagleg rådgivar
- laboratoriefagleg rådgivar
- koordinator for blodbankane
- avdelingsverneombod

-
kvalitetskoordinatorane (sekretær)

 

Det blir laga saksliste og skrive referat frå møta. Referata blir lagt ut i EQS. Kvalitetsråd på avdelingsnivå er ein viktig arena for kvalitetsarbeidet i avdelinga/klinikken. Avvik med læringseffekt vert gjennomgått. Alvorlege avvik vert sendt vidare til kvalitet- og pasientsikkerheitsutvalet (KPU).
Saker som angår HMS vert tekne opp i kvalitetsråd/samarbeidsråd og HMS-avvik vert meldt gjennom EQS/MinArbeidsplan og vert handtert på lågast mogleg nivå.

Samarbeidsråd

Alle klinikkar er pålagt å ha samarbeidsråd. Samarbeidsrådet skal vere møteplass mellom avdelingsleiinga og tillitsvalte/vernetenesta. Formålet er å utvikle arbeidsplassen og stimulere til dialog og konstruktivt samarbeid. Samarbeidsråd møtes ved behov.

Desse utgjer samarbeidsrådet ved Avdeling for medisinsk biokjemi:

- avdelingssjef

- seksjonsleiarane

- koordinator for blodbankane

- avdelingstillitsvalt

- avdelingsverneombod

I tillegg får tillitsvalte frå NITO og verneombod i seksjonane innkalling og kan delta.

Det blir laga saksliste og skrive referat frå møta. Referata blir lagt ut på verksemdsportalen.

Transfusjonsutval

Ved Helse Møre og Romsdal HF er det oppnemnd transfusjonsutval. Sjå Transfusjonsutvalg - HMR HF (Ikke tilgjengelig)

Leiinga sin gjennomgang

Avdelingssjef har ansvar for at det årleg blir gjennomført «leiinga sin gjennomgang av kvalitetssystemet» etter gjeldande prosedyre. Sjølve gjennomføringa er seksjonsleiar sitt ansvar. Avdelingssjef deltek på alle gjennomgangane. Hensikta er å sikre tilbakemeldingar på om systemet fungerer og om det er nødvendig å gjere endringar eller forbetringar.

Desse møter:
- seksjonsleiar (leiar møtet)
- avdelingssjef
- kvalitetskoordinator
- medisinskfagleg rådgivar og/eller laboratoriefagleg rådgivar
- assisterande seksjonsleiar
- fagbioingeniørane/kontorfagleg koordinator
- verneombod
- tillitsvalt NITO

Fond

Avdelinga har to studiefond der eitt er for leger i avdelinga.
Avdelingsfondet får inntekter frå medisinske studiar vi deltek i. Det er eigne statuttar for bruk av fondet.
Medlemmer i fondsstyret er klinikksjef, avdelingssjef og avdelingsverneombod.

IT-sikkerheit og risikostyring

Dei tilsette gjennomgår og signerer Brukerhåndbok HMN med kontrakt (Ikke tilgjengelig) E-læring i informasjonssikkerheit. E-læring skal nyttas ved alle nye tilsettingar samt ”re-sjekk” kvart 3. år.

Dei tilsette i avdelinga skal være kjende med gjeldande prosedyrar innanfor området informasjonssikkerheit i EQS.

Risikostyring er implementert i kvardagen gjennom bruk av endringskontroll. ROS-analyser gjerast når dette er hensiktsmessig.

Vedlegg

-       Nøkkelpersonell ved avdeling for medisinsk biokjemi

-       Funksjonsbeskrivelse Laboratoriefagleg rådgivar

-       Funksjonsbeskrivelse Medisinskfagleg rådgivar

-       Funksjonbeskrivelse IKT-konsulent

Relatert

Mål for 2021 og langtidsmål (2026) for Avdeling for medisinsk biokjemi (Ikke tilgjengelig)

Kompetanse- og aktivitetsplan 2021-2024 - Avdeling for medisinsk biokjemi (Ikke tilgjengelig)

Funksjonsbeskrivelse bioingeniør - mal (Ikke tilgjengelig)
Funksjonsbeskrivelse bioingeniør II - mal (Ikke tilgjengelig)
Funksjonsbeskrivelse fagbioingeniør - mal (Ikke tilgjengelig)
Funksjonsbeskrivelse kvalitetskoordinator - mal (Ikke tilgjengelig)
Funksjonsbeskrivelse seksjonsleiar - mal (Ikke tilgjengelig)

Funksjonsbeskrivelse assisterande seksjonsleiar - mal (Ikke tilgjengelig)
Funksjonsbeskrivelse overlege - mal (Ikke tilgjengelig)
Funksjonsbeskrivelse helsesekretær/sekretær - mal (Ikke tilgjengelig)

Funksjonsbeskrivelse avdelingssjef - mal (Ikke tilgjengelig)

Organisering av Medisinsk biokjemi Kristiansund (Ikke tilgjengelig)

Organisering av Medisinsk biokjemi Molde (Ikke tilgjengelig)

Organisering av Avdeling for medisinsk biokjemi Volda (Ikke tilgjengelig)

Organisering av Medisinsk biokjemi Ålesund (Ikke tilgjengelig)

Organisering av Klinikk for diagnostikk (Ikke tilgjengelig)