Sikre trygg operativ vaginal forløysing.
Gjeld legar og jordmødre i avdeling for fødselshjelp og kvinnesjukdommar og deira vikarar.
Ø Jordmor har ansvar for å tilkalle legen, informere kvinna/paret om kvifor legen blir tilkalla, og å assistere ved inngrepet
Ø Ålesund: jordmor har ansvar for å tilkalle barnelege
Ø Legen som er tilkalt til fødestova har ansvar for å avklare om det er indikasjon for operativ vaginal forløysing, vurdere om forholda tillet operativ vaginal forløysing og å utføre inngrepet rett
Ø Legen som er tilkalt til fødestova har ansvar for å tilkalle bakvakt dersom ho/han sjølv ikkje har tilstrekkeleg kompetanse
Ø Legen har ansvar for å informere kvinna/paret om indikasjon for vakuum/tang
Lege og jordmor legg saman ein plan for samarbeid/arbeidsfordeling under forløysinga:
Ø Vanlegvis er det legen som leiar kvinna gjennom fødselen
Ø Vanlegvis er det jordmor som støttar perineum
|
Føtal |
Maternell |
Progresjon i fødselen |
Indikasjon |
• Truande asfyxi
• Prematuritet |
• Hypertensiv krise/eklampsi • Proliferativ retinopati • Alvorleg hjertesjukdom • Myasthenia gravis • Spinalskade med risiko for autonom dysrefleksi • Tilstandar med risiko for intracerebral blødning • Andre tilstandar der kort trykketid er ynskjeleg (t.d. ved epilepsi) |
Manglande framgang i andre stadium*: • >2 timar utan epidural (EDA) • >3 timar med epidural (EDA) • og/eller etter 60 minutt aktiv trykketid *) total tid andre stadium = tid med full opning uten trykking (avventande fase) + trykketid (aktiv fase) |
Mål |
Hindre hypoxisk skade |
Redusere/eliminere forverring som følge av fødselens andre stadium |
Hindre sekundære komplikasjonar som t.d. asfyxi og blautdelsskadar |
Ø Tom urinblære
Ø Full opning av cervix
Ø Diagnostisering av hovudets nedtrenging i bekkenet (descens/nivå), rotasjon og posisjon (grad av fleksjon/defleksjon)
Ø Hovudet ved eller under spina
Ø Kvinna ligg i beinhaldarar
middelshøg vakuum/tang = hovudet ved spina eller nivå +1
utskjærings vakuum/tang = hovudet på nivå >+2
høg vakuum kan nyttast på tvilling 2, ellers ikkje høg vakuum/tang
Ø Ikkje vakuum < 34+0 veker
Ø Ikkje vakuum ved blodsmitte (hepatitt og HIV)
Ø Ikkje vakuum ved føtal koagulopati (trombocytopeni, hemofili)
Ø Ikkje > 20 min operasjonstid
Ø Ikkje > 3 traksjonar utan framgang
Ø Ikkje > 1 reapplikasjon av vakuum
Ø Ikkje vakuum + tang med mindre hovudet er i utskjæringa
NB! Sectio utan opphald (= akutt sectio grad 2: innan 20 min) eller katastrofesectio ved mislykka operativ vaginal forløysing
Malmstrøm (str 4-6), Bird (str 4-6), Silikon eller Kiwi kopp + vakuumsett + sug
Ø Støtt perineum. Avtal med jordmor om evt hjelp til støtting. La hovudet kome langsomt, utanom ri og utan aktiv trykking.
Simpsons tang (utskjæring). Kiellands tang (rotasjon). Pipers tang (sistkomande hovud ved setefødsel)
Ø Anestesi: ledningsanestesi (pudendal, epidural eller fødespinal)
Ø Legg på venstre tangbransje først, deretter høgre. Tanga skal gå lett i lås.
Ø Trekk ri-synkront, dersom det ikkje haster
o ved hast kan ein trekke uavhengig av ri
o følg retninga på fødselskanalen
Ø Som hovedregel bør episiotomi (mediolateral/lateral) leggast
Ø Støtt perineum
o avtal med jordmor om evt hjelp til støtting
o hald igjen med tanga for å hindre at hodvudet blir født for raskt - det skal gli svært langsomt over perineum.
Oppfølging
I etterkant av operativ vaginal forløysing med vacuum eller tang bør operatør ha ein samtale med kvinna/paret på barsel.
Akutt sectio definisjon og melderutiner
Forebygging av perineale rupturer
Protrahert fødselsforløp
NGF veileder i Fødselshjelp 2014 kapittel 39 «Forløsning med tang eller vacuum»
NICE Green.top Guideline no 26 2011 «Operative vaginal delivery»