Barseltida - om forløpet v. 2.4

Hensikt og omfang

 

Pasientforløpet «Barseltida i HMR» skal gjennom standardisert og forutsigbar tilnærming bidra til at den nye familien får ein god start på barseltida. Behandling, rettleiing og informasjon skal bygge på kunnskapsbasert viten om barselkvinna og det nyfødde barnet.

 

Barselopphaldet tar sikte på å understøtte

 

Ø  kunnskapsbasert og trygg behandling/oppfølging

Ø  individualisert tilnærming

Ø  eintydig og kunnskapsbasert informasjon

Ø  optimal ammestart

Ø  barselkvinna/paret sin autonomi og deira høve til å påverke eige opphald

 

Forløpet er også meint å vere føreseieleg for tilsette – i helseforetaket og i samarbeidskommunane.

Forløpet er gjeldande for tilsette ved føde- barselavdelingane, barnelegar og andre tilsette med oppfølgingsansvar for nyfødde, kvinner og partnerar som har/har hatt opphald ved føde- barselavdelingane i Helse Møre og Romsdal

 

Bakgrunn

 

I 2014 kom Helsedirektoratet ut med nasjonal faglig retningslinje for fødselsomsorgen «Nytt liv og trygg barseltid for familien». Retningslinja har til hensikt å bygge opp under fagleg forsvarleg barselomsorg som er føreseieleg og familievenleg uavhengig om mor og barn er på sjukehuset eller heime den første tida.

Tidelgre Avdeling for fødselshjelp og kvinnesjukdommar (AFK) i HMR  reviderte og klargjorde  i 2018 pasientforløpet «Barseltida i Helse Møre og Romsdal» for implementering ved dei fire sjukehusa i Helseforetaket. Det har vore brei involvering av faggrupper frå dei fire føde-barelavdelingane og frå kommunehelsetenesta. Dette arbeidet vidareførast i dei tre klinikkane Ålesund, Volda og Sjukehuset Nordmøre og Romsdal.

 

Ansvar

 

Seksjonsleiar

Seksjonsleiar har ansvar for introduksjon av barselforløpet til jordmødrer, barnepleiarar og legar. Andre tilsette, t.d. sekretærar, skal introduserast for aktuelle delar av forløpet. Seksjonsleiar skal legge til rette for at  tilsette får høve til å halde seg fagleg oppdatert. Seksjonsleiar har eit overordna ansvar for innkjøp av faglitteratur og filmar, og for planlegging av internundervisning.

Jordmor, barnepleiar og lege

Den tilsette har ansvar for å følge opp barselkvinner etter gjeldande prosedyrer/rutiner i tidlegare AFK Det er krav om at den einskilde jordmor, barnepleiar og lege er oppdatert i pasientforløpet «Barseltida i HMR» (delprosessar, prosedyrar, pasientinformasjon og tilhøyrande bakgrunnstoff ).«Barseltida» har eigen kompetanseplan i Kompetanseportalen.

Fagjordmor og forløpsansvarleg

Fagjordmor og forløpansvarleg har ansvar for revisjon og  nødvendig justering av  pasientforløpet i EQS. I samarbeid med seksjonsleiar har dei ansvar for undervisning og implementering av forløpet.

 

Handling

Mottak i barselavdeling

Jordmor eller barnepleiar som tek i mot barselkvinna/paret i barselavdelinga informerer om avdelinga, måltid og forventa liggetid Barseltida- Informasjon ved mottak i barselavdelinga

Jordmor/barnepleiar deler ut brosjyra «Velkomen til føde-barselavdelingane i Møre    og Romsdal» og viser til nettsidene våre

Når familierom/-døgn er aktuelt, gje paret informasjon om dette Familierom/-døgn -ved føde/barselavdelingane i HMR

Det er viktig med god ammestart, og grunnlaget vert lagt allereie like etter fødselen. Dersom barnet ikkje er amma etter fødsel er det nødvendig å tilrettelegge for amming så raskt som råd etter overflytting Ammeprosedyre - Føde-barselseksjonane i HMR  

Hud mot hud- kontakt er viktig ikkje berre rett etter fødselen, men også vidare i barselperioden. For å få til dette praktisk kan bæresjal/tubetopp vere eit godt hjelpemiddel Bæreplagg på barsel; bruk og rengjøring

Kvinner som har fått utført keisarsnitt får utdelt brosjyra «Planlagt keisarsnitt »

 Opphaldstid

ü  Førstegangsfødande har tilbod om å vere 3 døgn i avdelinga

ü  Fleirgangsfødande har tilbod om å vere 2 døgn i avdelinga

ü  Dei med keisarsnitt har tilbod om å vere  3(-4) døgn 

ü  Dersom mor ønsker å reise heim med barnet før rutineundersøking av barnelege er utført og ho sjølv er frisk, kan ho gjere det frå og med  6 timar postpartum. Barnet må vere friskt og ha normal SpO2-screening Legeundersøking nyfødd - retningslinje for føde-barselavdelingene

 

Informasjon og veiledning

 

Det er viktig at informasjon og veiledning under barselopphaldet er eintydig. Informasjonen skjer vanlegvis individuelt og er dialogbasert.

Det er viktig at barselkvinna/paret får informasjon og samtalar på eige morsmål. Bruk tolketenesta og informasjonsbrosjyrer på eige morsmål (evt.engelsk) der vi har det. Koordiner gjerne informasjon i ein tolkesamtale.

 

Ammesamtale

Alle barselkvinner skal få tilbod om ammeveiledning /ammehjelp og ammesamtale under opphaldet Barseltida-Ammesamtale

 

Postpartumsamtale

Under barselopphaldet skal alle barselkvinner få tilbod om samtale om fødselen. Ein prøver å legge til rette for at partner får vere med på samtalen og at jordmor som hadde fødselen leiar postpartumsamtalen. Barseltida-Postpartumsamtale

 

Legesamtale

Legesamtale er eit tilbod til barselkvinner etter akutt keisarsnitt og operativ vaginal forløysing. Forsøke å tilby legesamtale med den legen som var involvert i forløysinga.

 

Aktivitet/opptrening etter fødsel

Under barselopphaldet skal alle barselkvinner få tilbod om informasjon om aktivitet/opptrening etter fødsel utifrå tilbodet den enkelte fysioterapiavdeling kan gje og i ei skriftleg brosjyre på norsk eller engelskFysisk aktivitet, opptrening og øvingar etter fødsel og keisarsnitt

 

Utreisesamtale

Alle barselkvinner skal ha tilbod om utreisesamtale ved jordmor under opphaldet, vanlegvis kvelden før eller morgonen heimreisedagen.Barseltida - Utreisesamtale  

Jordmor skriv utreiserapport i Natus. Når Helseplattformen kjem på plass, i denne.

 

Observasjon og oppfølging

 

Barselkvinna

Det er nødvendig å kartlegge den enkelte kvinnes behov for å kunne gi individuell behandling og legge til rette for aktuelle tiltak. Barselkvinna skal oppleve seg og barnet ivaretatt under opphaldet. For meir informasjon sjå Barseltida - Observasjon og oppfølging av barselkvinnen

Kvinner med medisinske diagnosar i svangerskapet og/eller kroniske sjukdommar kan ha behov for særskilt oppfølging i barseltida. Jordmor må vere merksam på den einskilde kvinne si sjukehistorie, følgje gjeldande prosedyrer og samhandle med lege/spesialistar etter behov.

Legevisitt blir tilbode kvinner med medisinske diagnosar som krev oppfølging.

Ver merksam på samhandling med kommunehelsetenesta når det gjeld risikoutsette barn og foreldre Risikoutsatte barn og foreldre. Fra bekymring til handling! Samhandling og oppfølging i svangerskap, fødsel og barseltid - Avdeling for fødselshjelp og kvinnesjukdommar og kommunene i Møre og Romsdal

 

Barnet

Under opphaldet vert barnet observert og undersøkt. Tidleg varslingsskår nyfødde ( TVS-N) vert følgt.Tidlig varslingsskår - nyfødt (TVS-N) på føde og barsel (Ikke tilgjengelig) Personalet har ei sentral oppgåve i informasjon og veiledning av barselkvinna/paret med tanke på barnet. Utover rutinemessig legeundersøking av nyfødd må barnelege kontaktast ved behov for vurdering/tilsyn. For meir informasjon sjå Barseltida - Observasjon og oppfølging av det nyfødde barnet

Under opphaldet tilbys screeningundersøkingar

ü  Transcutan O2 –metningO2-metning (SaO2) - Transkutan screening hos nyfødt i barselavdelingen

ü  LegeundersøkingLegeundersøking nyfødd - retningslinje for føde-barselavdelingene

ü  Hørsel Hørselsscreening av nyfødte (Ikke tilgjengelig)

ü  NyfødtscreeningNyfødtscreening (Ikke tilgjengelig)

 

Jordmor/barnepleiar samarbeider med barnelege om barn med medisinske diagnosar og/eller barn med særskilde behov.

 

Utskriving mor og barn

Jordmor har ansvar for utskriving av mor og barn etter gjeldande prosedyreBarseltida-Fødselsepikrise i Natus - utskriving av barselkvinnen og barnet

 

Dokumentasjon

 

Når fødsel og barseltid blir gjennomført ved same sjukehus skjer fortløpande dokumentasjon i Natus – det gjeld både for barselkvinner og nyfødde.

Dersom fødselen har skjedd ved anna sjukehus må DocuLive nyttast for fortløpande dokumentasjon.

Når det er behov for medisinsk behandling dokumenterer lege i DocuLive – det gjeld både for barselkvinner og nyfødde.

Ved utskriving blir det sendt elektronisk fødselsepikrise  til kommunehelsetenesta – ei for barnet og ei for  barselkvinna. Fødselsepikrisene ferdigstillast og godkjennast i Natus, og sendes automatisk til DocuLive for utsendingBarseltida-Fødselsepikrise i Natus - utskriving av barselkvinnen og barnet

 NB! Barselkvinna får med kopiar av fødselsepikrisene ved heimreise.

 

Legeepikrise blir sendt elektronisk i DocuLive når barselkvinna/nyfødd har fått medisinsk behandling som krev oppfølging i kommunehelsetenesta (fastlege).

 

Relatert

 

Aktuelle prosedyrer,vedlegg og lenker ligger under fanen «Relatert»

 

Referansar

Nasjonal faglig retningslinje for barselomsorgen «Nytt liv og trygg barseltid for familien» Helsedirektoratet 2014

Regional plan for svangerskaps-,fødsels- og barselomsorg i Helse Midt-Norge 2015-2020

Amming –en håndbok for helsepersonell. Norsk utgave 2021 ISBN: 978-82-450-3403

Morsmelk, immunrespons og helseeffekter. Tidsskrift for Den Norske Lægeforening nr. 18, 2007; 127: 2395–8 (Oversiktsartikkel).

10 trinn for å bli godkjent som Mor-barn vennlig sykehus. Basert på WHO/Unicefs 10 punkter for vellykket amming.

Nedstemthet og depresjon i forbindelse med fødsel. Malin Eberhard-Gran og Kari  Slinning. Nasjonalt folkehelseinstitutt, 2007. Norge, Oslo.

Jordmorboka. Ansvar, funksjon og arbeidsområde. Anne Brunstad og Eva Tegnander (red.). Akribe AS, 2017. Norge, Oslo.