Oppbevaring av pasienters private legemiddel og handtering av beslag frå pasient. v. 2.1

Hensikt og omfang

Prosedyren skal sikre handtering av pasientens private legemiddel og alkohol, samt illegale rusmiddel ved innlegging i døgnseksjonar. Pasientens rettssikkerheit og tillit til helsepersonell og helsepersonells sikkerheit skal  takast i vare.Sikre at oppbevaring av pasientars private legemiddel skjer på ein forsvarleg måte. Sikre at personalet ikkje vert utsett for fare eller risiko ved oppbevaring og administrering av legemiddel. Sikre pasienten sin rettstryggleik og oppretthalde tilliten mellom pasient og behandlar.

Ansvar

Helsepersonell har ansvar for beslag og oppbevaring av pasienters private legemiddel, alkohol og illegale rusmiddel.

Framgangsmåte

 Private legemiddel

  • Seponerte legemiddel bør ikkje utleverast ved utreise. Pasienten skal som regel  ikkje nytte private legemiddel under innlegging, men det kan gjerast unntak. Til dømes  eigne salver, kremar, augedropar m.m. eller  ein ikkje kan skaffe  dei legemiddel pasienten nyttar. Istandgjøring av legemidler for utdeling til pasient Utdeling av legemiddel til inneliggande pasient og ved permisjon.
  • Pasientars private legemiddel skal haldast skilt frå andre legemiddel på seksjonens legemiddellager ( eller legemiddeltralle)
  • Legemiddel skal oppbevaras forsvarleg og utilgjengeleg for uvedkomande
  • Når legemiddel må oppbevaras i kjøleskap, må dei merkast godt med pasientens namn og fødselsdato, og holdas skilt frå andre legemiddel  i kjøleskapet
  • Mottak og utlevering av pasientars private legemiddel skal dokumenteras i pasientens journal, under sjukepleiedokumentasjon
  • Ved oppbevaring av pasientars private legemiddel gjelder same prinsipp som beskrive i Oppbevaring og vedlikehold av legemidler

 

 

Alkohol

  • Alkohol tilhøyrande ein innlagd pasient skal  på same måte som private legemiddel takast hand om
  • Dersom ein ut frå medisinske omsyn, eks. misbruk - skade etc., meine at den ivaretekne alkoholen burde destruerast kan dette bare gjerast dersom pasienten samtykker

         Det er  lege som, i samtale med  pasienten, må gi informasjon og råd om kvifor ein meiner at destruksjon av alkoholen er til det beste for pasienten

         Mottak og utlevering evt. destruksjon av alkohol  skal dokumenteras i pasientens journal

  • Alkohol som har vore teke vare på, skal leverast tilbake til pasienten ved utskriving

 

Narkotiske stoff

  • Illegale narkotiske stoff som vert funne på pasient og/eller blant pasienten sine eigedelar skal beslagleggjast
  • Ved beslag skal ein alltid være to tilsette
  • Funnet skal snarast rapporterast til seksjonsleiar
  • For å forhindre mistanke om underslag av rusmiddel,  skal det førast dobbelkontrollEgenkontroll og dobbeltkontroll av legemidler til pasient
  • Funnet overleverast til sjukehusapotek/farmasøyt og  det er signering av to  helsepersonell på kvitteringsskjema til  apoteket. Pasienten sin identitet skal IKKJE verte oppgitt
  • Når apoteket er stengt skal funnet pakkast og låsast inn i legemiddelager og overleverast så snart som råd
  • Hendinga skal førast i pasientjournalen av lege
  • Pasienten skal verte orientert om kva og korleis ein har handsama hendinga
  • Sjukehusapotek/farmasøyt varslar og overleverer funn til politiet. Seksjonen sin identitet skal IKKJE verte oppgitt.
  • Om einskilde lokasjonar har eigne avtalar med politiet vidareførast desse.
  • Pårørande/besøkande som tek med rusmiddel inn i avdelinga/seksjonen blir bortvist og kan nektes vidare adang.

 

Relatert

MELDEPORTAL HMR (Ikke tilgjengelig)

Istandgjøring av legemidler for utdeling til pasient

Oppbevaring og vedlikehold av legemidler

Egenkontroll og dobbeltkontroll av legemidler til pasient

Utdeling av legemiddel til inneliggande pasient og ved permisjon.

 Referanser

Helsetjenestens og politiets ansvar for psykisk syke - oppgaver og samarbeid

Helsepersonelloven §5 taushetsplikt og opplysningsrett

Rundskriv Helsepersonellets taushetsplikt- Rett og plikt til å utlevere pasientopplysninger til politiet

Psykisk helsevernloven og psykisk helsevernforskrift med kommentarer

Forskrift om rettigheter og bruk av tvang under opphold i institusjon for behandling, omsorg og rehabilitering av personer med rusmiddelproblemer