Opplæringsplanar - retningslinje for utarbeiding og vedlikehald v. 1.8

Hensikt

Det er behov for å beskrive opplæring som føregår i Helse Møre og Romsdal HF både i regi av den enkelte klinikk/ avdeling/ eining og innafor fagområde og IKT område, og på den måten sikre dokumentasjon for internrevisjon og eksterne tilsyn ved å synleggjere korleis ein driv opplæring og kva kunnskapskrav som gjeld.

Dette dokumentet skal gje innsikt i korleis ein utarbeider pedagogiske læreplanar/ læringstiltak og sentrale opplæringsplanar. I tillegg til portal der det er ønskjeleg.

Ansvar

Alle med ansvar for opplæring av personell i føretaket skal bidra med planar for sine fagområde/ IT system og avdelingar/ klinikkar for å komplettere innhaldet i portalen.

 

Planar i portalen knytt til IT system og fagområde vil beskrive ulike opplæringstilbod i regi av utviklings- og støttefunksjonar knytt til administrasjonen eller klinikkar med særleg ansvar i Helse Møre og Romsdal.

 

Det er stabsdirektørane som har ansvar for at opplæringsplanar for ulike fag – og IT område dei har ansvaret for vert utarbeidde og godkjende.

 

Klinikksjef har ansvaret for at opplæringsplanar vert utarbeidde og godkjende for dei fag- og IT områda dei har ansvaret for.

 

Dei har også ansvaret for internkontroll.

Handling

Å dokumentere kvaliteten på opplæring er ei oppgåve både for dei som arbeider med opplæringsplanar for den enkelte klinikk/ avdeling og for dei som er knytt til administrasjon og stabsavdelingar.

 

EQS har eit område for Kompetanse og opplæring. Her ligg Kompetanse- og opplæringsportalen Kompetanse- og opplæringsportal Helse Møre og Romsdal HF. Portalen samlar dokument som vert nytta i planlegging og gjennomføring av opplæring av tilsette.  Dette kan vere både for overordna/ overgripande fag- og IT område, samt på klinikk-/avdeling- og seksjonsnivå. Dokumenta kan gjerast tilgjengeleg på internett via EQS Public for innsyn og for omdømebygging.

Viss du vil ha din eigen portal for din klinikk eller for ditt fag- og IT område, kan du bruke mal for portal som du finn ved oppretting av nytt dokument i EQS. Under Dokumenttype, velg Mal Kompetanse- og opplæringsportal. Brukarrettleiing for utarbeiding av portal i EQS Prosessteikning i EQS - rettleiingar (Ikke tilgjengelig).

 

I Kompetanse- og opplæringsportal Helse Møre og Romsdal HF kan leggast klinikkvise planar der ein ser at det er behov for å generere opp og samordne planar felles for avdelingar og for klinikken i sin heilskap – bruk gjerne Mal – sentral opplæringsplan.

 

Mange seksjonsvise planar er flytta over til Kompetanseportalen noko som gir god dokumentasjon på gjennomføring for tilsette og leiarar.

 

I Kompetanse- og opplæringsportal Helse Møre og Romsdal HF ligg også sentrale opplæringsplanar for føretaksovergripande og overordna fag- og IT område med sine læringstiltak.

 

Sentrale opplæringsplanar:

1     Legg føringar for kompetansekrav som er klinikkovergripande (kan også vere på avdelingsnivå eller klinikknivå)

2     Samlar relevante læringsaktivitetar og tiltak, frå til dømes Læringsportalen(LP) og dokument frå EQS, som bidreg til å svare ut definerte læringsmål.

3     Set fokus på kva kunnskapskrav som knyter seg til ulike målgrupper, ansvar, roller og arbeidsoppgåver i organisasjonen.

 

Mal – sentral opplæringsplan Mal - sentral opplæringsplan (Ikke tilgjengelig) er utvikla i den hensikt å utarbeide sentrale kompetansekrav/ sentral kompetanseplan pr fagområde/ IT område i Kompetanseportalen. Planen skal identifisere føretaksovergripande læringsaktivitetar(tiltak frå Læringsportalen og EQS) og knytte dei til definerte målgrupper, roller og funksjonar.

For Mal - sentral opplæringsplan (Ikke tilgjengelig) – opprett nytt dokument i EQS, under Dokumenttype velg Mal – sentral opplæringsplan.

 

Med utgangspunkt i ein sentral opplæringsplan skal det utarbeidast sentrale kompetansekrav/ sentral kompetanseplan pr fagområde/ IT område i Kompetanseportalen(KP). Desse kan då tildelast av nærmaste leiar til definerte grupper av tilsette.

 

Pedagogiske læreplanar er relevante når du skal lage kurs, video, e-læring for Læringsportalen:

1     Skal bidra til refleksjon i planlegging og gjennomføring av læringstiltak/ kurs i utdanningsløp (t.d. klasseromskurs, video, e-læring)

2     Gjere planane tilgjengeleg for kvalitetsutvikling gjennom evaluering og revisjon.

3     Læreplanane blir retningsgjevande for korleis tiltaket vert gjennomført med tanke på mål, målgrupper, innhald, rammer, føresetnader og evaluering.

Mal – pedagogisk opplæringsplan Mal opplæringsplan - kurskonseptet/læringstiltaket/e-læringa (Ikke tilgjengelig) er utvikla i den hensikt å sikre at alle moment i den didaktiske relasjonsmodellen vert vurderte og dokumenterte i høve læringstiltak for helsepersonell. Læringsportalen skal nyttast i administrasjon og dokumentasjon av læringstiltak.

For Mal opplæringsplan - kurskonseptet/læringstiltaket/e-læringa (Ikke tilgjengelig) – opprett nytt dokument i EQS, under Dokumenttype velg Mal opplæringsplan – kurskonseptet/ læringstiltaket/ e-læringa.

Relatert

Mal – pedagogisk opplæringsplan Mal opplæringsplan - kurskonseptet/læringstiltaket/e-læringa (Ikke tilgjengelig)  

Mal – sentral opplæringsplan Mal - sentral opplæringsplan (Ikke tilgjengelig)