Opplæringsplan i grunnleggande revisjonspraksis v. 1.9

Hensikt

Hensikta med retningslina er å sikre og samordne opplæringa av revisorar i internrevisjon og revisjonspraksis i føretaket.

Ansvar

Fagavdelinga HTU utarbeidar opplæringsprogram. Kvar klinikk utnemner eit revisjonslag og sørgjer for at opplæringa skjer etter opplæringsprogrammet. Klinikkane  organisere opplæringa i eigen klinikk. Systemansvar ligg til fagavdelinga.

Målgruppe

Kvalitetsrådgjevarar og internrevisorar i den enkelte klinikk. Dette må vere personell som har evne til å jobbe sjølvstendig, systematisk og i tillegg har gode samarbeidsevner. Det er ein føresetnad at ein har god kjennskap til EQS.

Førebuing til kurset internrevisjon

  • Ein føreset at kandidatane på førehand vert informert om og les prosedyre for Intern revisjon, Internrevisjon.
  • Kandidaten skal på førehand ha gjort seg kjend med https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2016-10-28-1250
  • Kandidaten må kjenne til den praktiske revisjonsoppgåva klinikken har tildelt kandidaten i samband med kurset, og sette seg godt inn i prosedyrar /forskrifter/lover som kan vere aktuelle for revisjonsoppgåva.
  • Kandidaten må kjenne til kva forventningar klinikken har i etterkant.

Mål

Gje tilstrekkeleg teoretisk og praktisk kompetanse for å kunne gjennomføre interne revisjonar, herunder forståing for dei ulike delane i revisjonsprosessen og kunnskap om viktige prinsipp for revisjon.

Begrepsforståing og avklaring, kva er:

  • Internrevisjon
  • Revisjonsomfang
  • Revisjonsgrunnlag
  • Tilsyn
  • Sertifisering/ akkreditering

Kursdeltakar skal i løpet av kurset gjennomføre ein sjølvstendig revisjon.

Etter kurset skal du

•         Ha kunnskap om ulike metodar for internrevisjon

•         Kunne utforme ein revisjonsplan

•         Kunne gjennomføre ein internrevisjon

•         Kunne skrive revisjonsrapport

•         Vere ein del av klinikken/ avdelinga si internrevisjonsteam

Innhald:

Leiinga har ansvar for at det blir sett av tilstrekkeleg tid for internrevisor for gjennomføring og førebuing til internrevisjon.

Dag 1 teorikurs ved  HTU fagavdelinga:

Betydinga av internrevisjon.

Teori:

  • Aktuelle lover og forskrifter.
  • Ulike former for internrevisjon – horisontal/ vertikal.
  • Krav til revisor/ revisjonsteam.
  • Revisjon i praksis
  • Oppfølging

Utarbeiding av revisjonsplan og dokumentgjennomgang knytt til aktuell revisjon er ein del av den praktiske opplæringa. Planen må utarbeidast i forkant av den planlagde revisjonen i samband med kurset. Klinikken er sjølv ansvarleg for at denne planen blir utarbeidd.

 

Dag 2 gjennomførast i eigen klinikk:
- dokumentgjennomgang knytt til aktuell revisjon
- gjennomføring av internrevisjon


Dag 3 gjennomførast i eigen klinikk:

- rapportskriving

- erfaringsutveksling

Arbeidsmåtar/ metodar

Kurset kombinerer teoretisk opplæring med at den enkelte kursdeltakar skal gjennomføre ein konkret revisjon. Den enkelte vil få individuell rettleiing i revisjonsprosessen av ein  med praktisk erfaring frå internrevisjon  frå eigen klinikk. Kvalitetsrådgjevar for klinikken skal vil vere tilgjengeleg under heile kurset. Fagavdelinga bidreg med råd og rettleiing til klinikkens kvalitetsrådgjevar i den grad det er ressursar til det. Kurset er ein kombinasjon av teori, rettleiing og sjølvstudium.

Rammefaktorar

Kursleiarar:

Internt kurs bør leiast av person som har kunnskap og erfaring med internrevisjon. Det bør leggast til rette for at kursleiarar får delta i aktuelle eksterne kurs ved behov.

Gjennomføring av kurs:

Fagavdelinga gir tilbod om teorikurs årleg, vanlegvis i byrjinga av året og eventuelt eit på hausten ved behov. Fysisk samling eller via Teams. Dette blir lagt ut i Læringsportalen. Årlege nettverkssamlingar  for etablerte internrevisorar blir lagt ut i Læringsportalen. Kvar  klinikk er sjølv ansvarleg for den praktiske del av opplæringa. I samband med kurset må kursdeltakarane ha tilgang på personleg arbeidsplass med pc.

Evaluering

Det  blir evaluering etter teorikurs dag 1 og ei evaluering hos det enkelte revisjonslag etter gjennomført dag 3.

Dokumentasjon

Påmelding via Læringsportalen

Annonsere på Læringsportalen.

Kursbevis i Kompetanseportalen

Relatert/

Internrevisjon

Internrevisjon, Rettleiande overordna årsprogram 2025 - 2027 (Ikke tilgjengelig)

Vedlegg

Presentasjon teori gjennomgang

Referansar

Lov om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten m.m.

Forskrift om ledelse og kvalitetesforbedring i helse og -omsorgstjenesten