Sikre at ansvar og oppgåver er tydeleg fordelt slik at alle bidreg til at legemiddelhandteringa utførast forsvarleg og i høve til gjeldande lover og forskrifter. Prosedyren skal tydeliggjere kva slags ansvar som ligg til administrerande direktør og kva slags ansvar som ligg til klinikkane/avdelingane/seksjonane.
Begrepsavklaring
§ Nivå 1 (administrativt nivå, felles for heile helseføretaket).
§ Nivå 2 (den seksjonen der legemiddelhandteringsoppgåvene praktisk gjerast).
Kven |
Ansvarsoppgåver |
Arbeidsoppgåver |
Administrerande direktør eller fagleg rådgjevar/fagdirektør som har fått delegert ansvar.à Når administrerande direktør ikkje sjølv er lege eller provisorfarmasøyt, skal det utpeikas ein fagleg rådgjevar med slik utdanning. |
§ Overordna ansvar for all legemiddelhandtering i helseføretaket. § At legemiddelhandteringa utførast forsvarleg og i høve til gjeldande lovar og forskrifter. § At det finnast eit system som sikrar at tilsette som handterer legemiddel får naudsynt opplæring gjennom sentrale opplæringsplanar i legemiddelhandtering. § At det blir utarbeid naudsynte overordna prosedyrar (nivå 1) som implementerast og etterlevast. § At eit system for melding og handtering av uheldige hendingar innan legemiddelhandtering er implementert.
|
§ Sørgje for at internkontrollen sikrar at krava i forskrift om legemiddelhandtering blir tatt hand om og at det førast overordna tilsyn med at krav blir overhalde. § Gje skriftlege avgjersle for kva slags kompetanse tilsette skal ha for å utføre oppgåver innan legemiddelhandtering. § Sørgje for at det blir utarbeid og godkjend prosedyrar på nivå 1. § Bruke Legemiddelkomiteen som ressurs/rådgjevar ved behov på legemiddelområdet. § Bruke Sjukehusapoteka som ressurs/rådgjevar ved behov på legemiddelområdet. |
Klinikksjef/avdelingssjefà Når klinikksjef/avdelingssjef ikkje sjølv er lege eller provisorfarmasøyt, skal det utpeikas ein fagleg rådgjevar med slik utdanning. Sjå Funksjonbeskrivelse for medisinsk faglig rådgiver (Ikke tilgjengelig). |
§ At legemiddelhandteringa i klinikken/avdelinga utførast forsvarleg og i høve til gjeldande prosedyrar på nivå 1. § At seksjonsleiar til ei kvar tid er definert og kjend med sitt ansvar med omsyn til legemiddelhandtering.
|
§ Sørgje for at internkontrollen sikrar at krava i forskrift om legemiddelhandtering blir tatt hand om og at det føres overordna tilsyn med at krav blir overhalde. § Sørgje for at nivå 1 prosedyrar etterlevast. |
Seksjonsleiar
|
§ At legemiddelhandteringa i klinikken/avdelinga utførast forsvarleg og i høve til gjeldande prosedyrar på nivå 1 og evt. nivå 2. § At det er utarbeida kompetanseplan for helsepersonell som skal handtere legemiddel og at all opplæring og kompetanse er dokumentert i kompetanseportalen. § At det utarbeidast naudsynte (med fordel etter gjennomført ROS-analyse) spesifikke nivå 2-prosedyrar. § At det på seksjonsnivå er utarbeidd basisliste for legemiddellager og evt. ordinering gjennom prosedyre på nivå 2. § At det gjevast naudsynt rettleiing og førast tilsyn med utføring av tildelte oppgåver (laupande kontroll) § Leggje til rette for gode arbeidsforhold, produktinformasjon og utstyr. § At det finnast ei signaturliste for egen seksjon. Sjå vedlegg. § Å delta i kvalitetsutvikling og kontinuerleg forbetringsarbeid. § Oppfordre til god meldekultur slik uheldige hendingar meldast og at det finnast system som sikrar at hendingane blir brukt til læring. § Sørge for å utvise særleg aktsemd vedrørande ansvar og forsvarlegheit ved legemiddelhandtering i opplæringssituasjon og for studentar. |
§ For å sikre ein lik praksis er det eit mål at nivå 2 prosedyrar avgrensast. I den grad det er behov for prosedyrar på nivå 2 skal føringar på nivå 1 følgjast § Utarbeide og godkjenne prosedyrar på nivå 2. § Gje helsepersonell, også vikarar, oppgåver i legemiddelhandtering etter ei individuell vurdering av den enkeltes formelle og reelle kompetanse. Vurderinga skal dokumenterast. Definere eventuelle naudsynte spesifikke kunnskapskrav ut over det som er omtalt i nivå 1 prosedyra. § Oppnemne ein legermiddellageransvarlig (ikkje eit krav, men ei anbefaling). § Oppnemne ein rekneskapsansvarleg for A- og B-preparat.
|
Seksjonsoverlege/ansvarleg overlege |
§ At det finnast ei godkjend basisliste for seksjonen. § At det finnast godkjenningsfritak på dei uregistrerte legemidla som seksjonen skal ha i basislista. § Sørge for å utvise særleg aktsemd vedrørande ansvar og forsvarlegheit ved legemiddelhandtering i opplæringssituasjon og for studentar. |
§ Utarbeide (evt ved hjelp av Sjukehusapoteket/seksjonsleiar) og godkjenne basisliste for seksjonen. Revidere regelmessig. § Fylle ut og signere registreringsfritak på legemiddel som det vurderast at seksjonen treng/som Sjukehusapoteket sendar ut ein gong i året. |
Legemiddellageransvarleg(ikkje eit krav å ha, men ei anbefaling) |
§ Dagleg drift og vedlikehald av legemiddellageret. |
§ Ettersjå at prosedyrar for vedlikehald av legemiddellager og bestilling/mottak av legemiddel følgjast. Sjå prosedyre Lagerhold av legemidler (Ikke tilgjengelig) og Reinhald legemiddellager (medisinrom). |
Rekneskapsansvarleg for A- og B-preparat |
§ Sørgje for at det ligg føre eit oppdatert rekneskap over A- og B-preparat. |
§ Kontroll av rekneskapet ein gong per veke, eller oftare for legemiddel som er i dagleg bruk. § Periodeoversikt over rekneskapet kvartalsvis, og/eller månedlig for legemiddel seksjonen bruker mykje. |
Helsepersonell som er tildelt oppgåver i legemiddelhandteringsprosessen
|
§ Utføre sitt arbeid forsvarleg og i høve til føretakets prosedyrar. § Sei ifrå dersom dei blir tildelt arbeidsoppgåver dei ikkje er kvalifisert for. § Hjelpe til med opplæring og rettleiing av helsepersonell. § Å delta i kvalitetsutvikling og kontinuerleg forbetringsarbeid. § Melde avvik/uheldige hendingar i avviksystemet. |
§ Gjennomføre kompetansekrav i kompetanseportalen
|
Praksisrettleiar |
§ For helsefaggrupper som skal handtere legemidler, bør den praktiske opplæringa også omfatte opplæring i prosedyrar og praksis i legemiddelhandtering. § Ein student skal som hovudregel ikkje gjevast sjøvstendig myndigheit til å handtere legemidler. Praktisk opplæring i legemiddelhandtering skal derfor foregå ved at autorisert helsepersonell, med kompetanse innan legemiddelhandtering, er til stades og kontrollerer. Dette gjeld i utgangspunktet alle stadier av legemiddelhandteringen fra istandgjering, kontroll til utdeling. Avhengig av den enkelte students kvalifikasjonar (teoretisk kunnskap, progresjon i studiet, erfaring og evne til å vurdere og meistre uventa situasjoner, med meir) kan det vere tilstrekkelig at praksisrettleiar er lett tilgjengeleg utan å være fysisk tilstades. § Praksis for individuell vurdering bør tas opp i forventningssamtale med student. |
§ Vurder arbeidsoppgåver i forhold til omsyn til opplæring av studenten. § I kva grad ein student kan gjevast meir sjølvstendige oppgåver må vurderast individuelt for den enkelte student og vil vere avhengig av type oppgåve (type pasienter, legemidler, administrasjonsmåte, mv.). § Praksisrettleiar må signere for student i kurve og rekneskap, da rettleiar er ansvarlig for studenten (student skal aldri signere da dei ikkje er tildelt oppgåver).
|
Helsepersonelloven LOV-1999-07-02-64 § 4
Spesialisthelsetjenesteloven LOV-1999-07-02-61
Forskrift om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten FOR-2016-10-28-1250
Rundskriv til Legemiddelhåndteringsforskriften.