Ressursar, oppgåver, ansvar og mynde - ytre miljø v. 1.8

Føremål

Denne prosedyren skal sikre at alle tilsette i Helse Møre og Romsdal HF er informert om kven som har ansvar i samband med miljø- og klimaarbeidet i føretaket.

Omfang

Prosedyren gjeld for alle tilsette i føretaket.

 

Ansvarspresisering

Alle medarbeidarar

Alle medarbeidarar pliktar å sette seg inn i og følgje opp dei prosedyrane som gjeld for miljø- og klimaarbeidet i føretaket ved å:

         Kjenne til innhaldet i miljøpolitikken og den overordna målsettinga

         Gjennomføre e-læringskurset ytre miljø.

         Ha fokus på arbeidsprosessar og aktivitetar i klinikk/avdelinga/seksjonen som har eller kan ha konsekvensar for miljø og klima.

         Melde forbetringsforslag og avvik på ytre miljø EQS.

         Ha kjennskap til lover, føreskrifter og krav til ytre miljø innafor eige ansvarsområde.

Arbeidsoppgåver for sentrale medarbeidarar

Ansvaret for miljøarbeidet skal ligge i linja.

For å sikre at Helse Møre og Romsdal HF følgjer opp dei mål som er nedfelt i miljøpolitikken har føretaket sine tilsette ulike oppgåver i miljøstyringssystemet.

Administrerande direktør

Administrerande direktør har det overordna ansvaret for miljøarbeidet, det inneber å:

         Syte for godkjenning av den overordna miljøpolitikken etter revisjon og oppdatering

         Syte for godkjenning av dei overordna miljømåla etter årleg revisjon og oppdatering

         Sikre at organisasjonen har eit godt fungerande miljøstyringssystem

         Sikre at det er tilstrekkeleg ressursar til miljøarbeidet

Klinikkleiar     

Føretaksleiinga skal støtte administrerande direktør i miljøarbeidet ved å:

     Sikre innføring av miljøstyringssystemet og framdrifta i miljøarbeidet i sine respektive klinikkar/stabsavdelingar.

     Vurdere miljøaspekta ved drifta av føretaket og prioritere igangsetting av miljøprosjekt ved behov.

     Sikre at ansvarsområdet alltid har en miljøkontakt, enten på klinikk, avdeling eller seksjonsnivå.

     Miljøkontakten får frigjeve naudsynt tid til å følgje opp dette arbeidet i arbeidstida.

     Føretaket oppfyller sin miljøpolitikk og miljømålsetting.

Avdelingsleiar og seksjonsleiar

Avdelingsleiar og/eller seksjonsleiar skal innanfor sitt ansvarsområde legge til rette for at:

         Føretaket oppfyller sin miljøpolitikk og miljømålsetting.

         Syte for at prosedyrar og rutinar utover dei overordna, og som ivareteke det ytre miljø med utgangspunkt i eiga avdeling, både vert utarbeidd, gjort kjent og fylgt opp. Dette eksempelvis handlingsplan ytre miljø, kartlegging av miljøaspekt og driftsprosedyrar.

         Sjå til at alle medarbeidarar går igjennom opplæring. Viser til Ytre miljø- Sentral opplæringsplan.

         Sikre at uønska hendingar vert rapportert, fylgt opp og sikrar læring og utvikling.

         Vurdere miljøkrav ved innkjøp/bestilling av varer

 

Miljørådgivar/kvalitetsrådgivar

Det er ein rådgjevar på overordna nivå som har ansvar for å vedlikehalde og drifte miljøstyringssystemet i EQS for å sikre at myndigheitskrav vert identifisert og ajourført og sikre at leiing blir informert ved vesentlege endringar som påverkar det overordna leiingssystemet.

         Rådgjevar for miljøstyring skal syte for at prosedyrar som omhandlar ytre miljø er relevante og oppdaterte.

         Miljørådgivar skal og halde føretaket og leiinga orientert om miljøarbeidet, til dømes ved samsvarsvurderingar og Ledelsens gjennomgang.

         Utarbeide årleg miljørapport og klimarekneskap.

         Justering og oppfølging av miljøhandlingsplan i organisasjonen.

         Ansvar for å oppdatere oversikt over miljøkontaktane i organisasjonen.

         Oppfølging av uønska hendingar (avviksmeldingar i EQS knytt til miljø og klima, sjå «Prosedyre for registrering av avvik knytt til miljø og klima».

         Planlegging og gjennomføring revisjon ISO 14001 ytre miljø.  

Miljøkontakt

Det er ein miljøkontakt i kvar klinikk, avdeling eller seksjon. Miljøkontakt plasserast på det nivå som er mest hensiktsmessig for den enkelte klinikk.

Hovudoppgåva for miljøkontakten er å bistå leiar i den respektive eininga med den praktiske gjennomføringa av leiaransvaret knytt til miljø og klima, og såleis vere verneombodet sin samarbeidspartnar i spørsmål knytt til det ytre miljø.

 

 

5 Referansar

(ISO 14001, Kap. 04.04.01-1)

Handlingsplan ytre miljø 2022-2025 Helse Møre og Romsdal HF

Ytre miljø- Sentral opplæringsplan