Hensikt og omfang
Prosedyren skal sikre handtering av pasientens private legemiddel og alkohol, samt illegale rusmiddel ved innlegging i døgnseksjonar. Pasientens rettssikkerheit og tillit til helsepersonell og helsepersonells sikkerheit skal takast i vare.Sikre at oppbevaring av pasientars private legemiddel skjer på ein forsvarleg måte. Sikre at personalet ikkje vert utsett for fare eller risiko ved oppbevaring og administrering av legemiddel. Sikre pasienten sin rettstryggleik og oppretthalde tilliten mellom pasient og behandlar.
Ansvar
Helsepersonell har ansvar for beslag og oppbevaring av pasienters private legemiddel, alkohol og illegale rusmiddel.
Framgangsmåte
Private legemiddel
- Seponerte legemiddel bør ikkje utleverast ved utreise. Pasienten skal som regel ikkje nytte private legemiddel under innlegging, men det kan gjerast unntak. Til dømes eigne salver, kremar, augedropar m.m. eller ein ikkje kan skaffe dei legemiddel pasienten nyttar. Istandgjøring av legemidler for utdeling til pasient Utdeling av legemiddel til inneliggande pasient og ved permisjon.
- Pasientars private legemiddel skal haldast skilt frå andre legemiddel på seksjonens legemiddellager ( eller legemiddeltralle)
- Legemiddel skal oppbevaras forsvarleg og utilgjengeleg for uvedkomande
- Når legemiddel må oppbevaras i kjøleskap, må dei merkast godt med pasientens namn og fødselsdato, og holdas skilt frå andre legemiddel i kjøleskapet
- Mottak og utlevering av pasientars private legemiddel skal dokumenteras i pasientens journal, under sjukepleiedokumentasjon
- Ved oppbevaring av pasientars private legemiddel gjelder same prinsipp som beskrive i Oppbevaring og vedlikehold av legemidler
|
Alkohol
- Alkohol tilhøyrande ein innlagd pasient skal på same måte som private legemiddel takast hand om
- Dersom ein ut frå medisinske omsyn, eks. misbruk - skade etc., meine at den ivaretekne alkoholen burde destruerast kan dette bare gjerast dersom pasienten samtykker
• Det er lege som, i samtale med pasienten, må gi informasjon og råd om kvifor ein meiner at destruksjon av alkoholen er til det beste for pasienten
• Mottak og utlevering evt. destruksjon av alkohol skal dokumenteras i pasientens journal
- Alkohol som har vore teke vare på, skal leverast tilbake til pasienten ved utskriving
|
Narkotiske stoff
- Illegale narkotiske stoff som vert funne på pasient og/eller blant pasienten sine eigedelar skal beslagleggjast
- Ved beslag skal ein alltid være to tilsette
- Funnet skal snarast rapporterast til seksjonsleiar
- For å forhindre mistanke om underslag av rusmiddel, skal det førast dobbelkontrollDokumentet er ikke gyldig (Ikke tilgjengelig)
- Funnet overleverast til sjukehusapotek/farmasøyt og det er signering av to helsepersonell på kvitteringsskjema til apoteket. Pasienten sin identitet skal IKKJE verte oppgitt
- Når apoteket er stengt skal funnet pakkast og låsast inn i legemiddelager og overleverast så snart som råd
- Hendinga skal førast i pasientjournalen av lege
- Pasienten skal verte orientert om kva og korleis ein har handsama hendinga
- Sjukehusapotek/farmasøyt varslar og overleverer funn til politiet. Seksjonen sin identitet skal IKKJE verte oppgitt.
- Om einskilde lokasjonar har eigne avtalar med politiet vidareførast desse.
- Pårørande/besøkande som tek med rusmiddel inn i avdelinga/seksjonen blir bortvist og kan nektes vidare adang.
|
Relatert
MELDEPORTAL HMR (Ikke tilgjengelig)
Istandgjøring av legemidler for utdeling til pasient
Oppbevaring og vedlikehold av legemidler
Dokumentet er ikke gyldig (Ikke tilgjengelig)
Utdeling av legemiddel til inneliggande pasient og ved permisjon.
Referanser
Helsetjenestens og politiets ansvar for psykisk syke - oppgaver og samarbeid
Helsepersonelloven §5 taushetsplikt og opplysningsrett
Rundskriv Helsepersonellets taushetsplikt- Rett og plikt til å utlevere pasientopplysninger til politiet
Psykisk helsevernloven og psykisk helsevernforskrift med kommentarer
Forskrift om rettigheter og bruk av tvang under opphold i institusjon for behandling, omsorg og rehabilitering av personer med rusmiddelproblemer