Skjema: Reise- og smittescreening for pasient v. 1.8


Sjukehuset sende lenke til
Viktig informasjon til pasientar og besøkande på sjukehuset - Helse Møre og Romsdal (helse-mr.no) eller utskrift av Skjema: Reise- og smittescreening for pasient til pasient som gjeld innkalling til innlegging, poliklinisk undersøking og dagbehandling i sjukehus.
Helsearbeider spør pasient om gjennomgang av spørsmål under «Reise- og smittescreening» hjå oppmøte.
Engelsk og norsk versjon til utskrift finn ein som vedlegg under fana «Realtert».

 

Til deg som har fått innkalling til opphald i sjukehus

If you need this form in English, please contact the ward.

Antibiotikaresistens

Vi ynskjer å førebygge overføring av antibiotikaresistens til pasientar og til personalet, samt kunne gi deg rett antibiotikabehandling dersom ein infeksjon grunna antibiotikaresistente bakteriar oppstår. Vi ber deg derfor om å gå gjennom spørsmåla nedanfor.

Reise- og smittescreening

Svarar du «ja» på nokre av spørsmåla, kontaktar du fastlegen for avklaring om du skal ta screeningprøvar før planlagt opphald i sjukehuset.

Har du:

·         vore innlagd eller jobba i helseinstitusjon utanfor Norden dei siste 12 månader inkl. behandlingsreisar?

·         fått omfattande helseundersøking eller behandling i land utanfor Norden dei siste 12 månader, inkl. tannbehandling?

·         vore innlagd i helseinstitusjon der det gjekk føre seg eit utbrot med MRSA, VRE eller ESBL-haldige bakteriar siste 12 månader?

·         budd saman med person som har fått påvist MRSA, VRE eller ESBL-holdige bakteriar siste 12 månader?

·         budd eller jobba i ein flyktningleir i utlandet dei siste 12 månader?

·         tidlegare fått påvist MRSA, VRE eller ESBL-haldige bakteriar?

Skjemaet kan takast med til fastlegen. Både prøvetaking og eventuell behandling er gratis. Helsearbeider vil spørje deg om gjennomgang av spørsmåla hjå oppmøte.

Du bør opplyse sjukehuset om positiv prøvesvar/berarskap for antibiotikaresistente bakteriar før planlagt opphald i sjukehuset slik at naudsynte tiltak kan gjennomførast.

Til fastlege
Pasientar som har svart «ja» på nokre av spørsmåla og skal:

·         til poliklinisk undersøking eller dagbehandling, skal ta ei prøve for MRS

·         bli lagd inn på sjukehus eller ha jamleg dagbehandling, skal ta prøve for MRSA, VRE og ESBL

·         til lovpålagt tuberkuloseundersøking er det ikkje naudsynt å ta prøve for påvising av antibiotikaresistente bakteriar

Screeningprøvar:

·         MRSA: ein e-Swab ytterst i kvart nasebor med same pensel, ein i svelg inklusiv tonsillar og ein til perineum. I tillegg skal det takast prøve frå sår, eksem, ferske arr eller andre defektar i huda, innstikkstad for framandlekamar og urinprøve dersom pasienten har urinkateter.

·         VRE/ESBL: FecalSwab, pensel må bli ført 3-5 cm inn i rektum (med synleg avføring). Tilleggsprøvar skal takas med e-Swab frå sår med sekresjon og urinprøve dersom pasient har urinkateter.

Positive prøvesvar varslas til behandlingsansvarleg lege i sjukehuset før pasientens planlagde opphald slik at naudsynte tiltak kan gjennomførast.