Utlevering av legemidler ved utreise, permisjon eller avdød pasient v. 2.3

Hensikt og omfang

  • Hensikta er å sikre pasientens legemiddelbehandling ved permisjon og utskriving når apotek ikkje er opent, samt å sikre avdøde pasientars legemiddel blir handtert slik at legemiddel ikkje blir brukt feil, misbrukt eller på annen måte gir helseskade.

 

Ansvar

  • Lege er ansvarleg for at pasienten har fått med seg ei oppdatert og samstemt legemiddelliste ved utskriving og permisjon.
  • Helsepersonell som har fått tildelt oppgåver innan istandgjering og utdeling av legemiddel.

Framgangsmåte

 Ved

 Uført av

Arbeidsoppgåve

Utreise eller permisjon

Lege

  • Pasientar skal ha med seg oppdatert samstemt legemiddelliste ved utskriving eller permisjon Legemiddelsamstemming - utskrivelse.
  • Ved permisjon må den oppdaterte legemiddellisten merkes at den gjelder berre når pasienten har permisjon. Datomerkes frå- til.

 

Helsepersonell

  • Pasientar som  blir utskrivne kan få med seg naudsynte legemiddel dersom apotek er stengt.
  • Eit istandgjort legemiddel skal på emballasjen, pakninga eller behaldaren være merka med opplysningar om pasientens identitet og legemidlets namn og verkestoff, samt styrke, dose og andre opplysningar som er naudsynte for ei sikker handtering.
  • Det skal føres eigenkontroll og dobbeltkontroll ved istandgjering av legemiddel

Dokumentet er ikke gyldig (Ikke tilgjengelig).

  • Pasienten skal ha informasjon om legemiddelet gjennom munnleg gjennomgang og/eller  i utlevert legemiddelliste. (Pasienten kan og  gies pakningsvedlegget for legemidlet).
  • Legemiddel istandgjeres i dosett eller legemiddelpose (bestill på Sjukehusapoteket). Dersom pasienten får utlevert dosett på sjukehuset, kan ikkje denne dosetten nyttast til andre pasientar på sjukehuset.

Avdød pasient som har private legemiddel som har vore teke  vare på av føretaket .

 Helsepersonell

Reseptbelagte legemiddel.

  • Desse skal ikkje utleverast til pårørande, men destruerast (i gul avfallsboks).

Reseptfrie legemiddel.

  • Desse kan  utleverast til pårørande. Dersom dei ikkje  blir utleverte skal dei destruerast (gul avfallsboks).

 A og B preparat skal leverast til Sjukehusapoteket for destruksjon Kontroll med A- og B-preparat Oppbevaring og vedlikehold av legemidler 

Utlevering og/eller destruksjon skal  dokumenterast i pasientens journal.

Referanser

Legemiddelhandtering - ansvar og leiing

MELDEPORTAL HMR (Ikke tilgjengelig)

Relatert

https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2008-04-03-320

 

Rundskriv IS -7/2015 Legemiddelhåndteringsforskriften