Kompetanseplan strategisk - retningslinje og verkty for utarbeiding v. 1.9

Hensikt

Prosedyra skal gjere det mogleg å sette i gang og vedlikehalde planar for rekruttering og kompetanseutvikling i den enkelte eining, avdeling og klinikk. Planen skal reviderast årleg i samsvar med krav, mellom anna, knytt til endringar i lov og forskrift, Strategi 2020 og Utviklingsplanen for HMR HF.

Omfang

Prosedyra angår alle tilsette, men skal ivaretakast av leiing ved einingane/seksjonane i regi av avdelingsleiing.

Organisasjonsplan og kart Dokumentet er ikke gyldig (Ikke tilgjengelig) bør arbeidast med i forkant eller parallelt med strategisk kompetanseplan.

Funksjonsbeskrivingar og personlege stillingsbeskrivingar bør leggast til grunn for arbeidet og utviklast i samband med orgnaisasjonskart og planar og i medarbeidarsamtalen/ utviklingssamtalen Utviklingssamtale retningslinje (Ikke tilgjengelig). Arbeidet med Utviklingsplanen for HMR HF og med funksjonsfordeling vil gje nye scenario som bør inkluderast i ein strategisk kompetanseplan for den enkelte avdeling/ klinikk – viser også til Tidligfaseplanlegging i sykehusprosjekter – IS-1369.

Ansvar

Administrerande direktør er ansvarleg for at dei klinikkvise planane vert koordinert på føretaksnivå der det er aktuelt med klinikkovergripande tiltak.

 

Klinikksjef/ leiar har i samarbeid med dei øvrige leiarane i klinikken ansvar for å utarbeide og revidere kompetanseplanane årleg, og danne grunnlag for budsjettarbeidet. Det er ein føresetnad at både klinikksjef, avdelingssjef og arbeidsgruppa set seg tilstrekkeleg inn i bakgrunnsmateriell, inklusiv interne og eksterne lenker. Viser til vedlagt powerpointpresentasjonen, Power-point leiarar med bakgrunnsinformasjon, utgjer forankring og føringar kring utvikling av kompetanseplan. Planen skal godkjennast av klinikkråda og innarbeidast i budsjetta for klinikken.

 

Utarbeiding av kompetanseplan skal initierast og samordnast av klinikksjef. Arbeidet med kompetanseplan skal settast i verk på nivået under klinikksjefen. Avdelingssjef/ leiar er ansvarleg for å gjennomføre kartlegging av kompetanse, og igangsetjing av utfylling av kompetanseplan. Dette inneber også å gjere seg kjent med aktuelle nasjonale retningslinjer som gjeld for behandlingsområda ein ivaretek, samt gjere seg nytte av befolkningsdata slik det er gjort tilgjengeleg i verksemdsportalen. Det vil også vere viktig i framskriving av kompetansebehov at avdelingsleiar initierar, og vektlegg analysearbeidet, med bruk av Dugnadsmetoden/SWOT, eller Risikoportalen i Helse Møre og Romsdal (Ikke tilgjengelig). Avdelingsleiar må peike ut arbeidsgruppe for kompetanseplanen, med representasjon frå dei aktuelle yrkesgruppene, eventuelt tilskrive prosessen til avdelingsråd. Ei slik gruppe vil vere ansvarleg for å kome med innspel, både under årleg høyring kring kompetanseutvikling og rekruttering, men også undervegs, dersom det vert behov for justeringar elles i året.

Det er viktig at arbeid med kompetanseplanlegging vert ein integrert og føreseieleg del i arbeidet med organisasjonsutviklinga gjennom året i den aktuelle avdelinga/ klinikken. Personalmøtet kan vere eit fora der ein arbeidar fram, og/eller presentere prosessen med utviklinga av kompetanseplanen. Leiar må invitere tillitsvalde til dialog i fora der ein vil arbeide med utvikling av kompetanseplan.

 

Einingsleiar/seksjonsleiar er ansvarleg for å innhente data til dei ulike tabellane. Kontakte personal og be om PRS-webrapportering på alderssamansetjing og lignende. Det er viktig at einingsleiar/ seksjonsleiar også sit i arbeidsgruppe for prosessen.

 

Kvalitetsrådgjevar/ EQS-administrator lokalt sender planen på høyring årleg i arbeidsgruppa for kompetanseplanen, samt sende dokumentet til godkjenning hjå avdelingsleiar. Ein tilrår at EQS-administrator fungerar som prosjektleiar for utfyllinga av kompetanseplanen, i og med at det er vedkomande som må drifte revisjonsarbeidet for dokumentet. Ein tilrår at EQS-administrator opprettar arbeidsgruppe i EQS, der dei som er ansvarlege for dokumentet er medlemar, og dermed får innsyn i dokumentet, også når det er under utforming.

 

Undervisningsleiar kan kontaktast fortløpande i arbeidet med kompetanseplanen, for oppklaringar og rettleiing.

Handling

Pilotprosjektet viser at igangsetjing og arbeid med kompetanseplanlegging ikkje bør vare meir enn to månadar i utstrekning. Vidare har ein erfart at det er naudsynt med sterkt eigarskap hjå klinikksjef og avdelingssjef/ leiar i gjennomføring av arbeidet. Dette mellom anna for å involvere og skape tilstrekkeleg eigarskap hjå alle yrkesgrupper i prosessen. Det er særs viktig at alle med ansvar i arbeidet, som nevnt over under ansvar, forstår og gjennomfører sin del av prosessen innan rimeleg tid, og etter avtale med dei andre partane i prosessen.

 

Pilotprosjektet viser at uthenting av rette data frå mellom anna NIMES og PAS kan vere tidkrevjande. Dette mellom fordi ein kan oppdage feilregistreringar eller mangelfulle data undervegs, der det kan vere behov for å korrigere eller justere data, før ein fyller inn tabellane, som skal danne overblikk.

 

Arbeidet med kompetanseplanane skal skje på fleire nivå. Mal for plan er tilgjengeleg under Relatert/ vedlegg. Malen med ei ulike tabellane er utarbeidd med bakgrunn i referansane nederst i dette dokumentet. I prosessen kan ein nytte ulike ressursar både i høve interne oversikter som i til dømes PRS og PAS/ NIMES. Under Relatert/ vedlegg og Andre ressursar finn du også andre ressursar som er relevante i tillegg til anerkjende verkty i arbeid med organisasjonsutvikling.

 

I arbeidet med kompetanseplan er det ein føresetnad at organisasjonskartet med organisasjonsplan er under arbeid eller aller helst på plass. Funksjonsbeskrivingar eller stillingsbeskrivingar bør leggast til grunn for arbeidet. Utviklingssamtalen/ medarbeidarsamtalen inneheld ein individuell utviklingsplan, som skal evaluerast årleg Utviklingssamtale retningslinje (Ikke tilgjengelig). Denne må sjåast i samanheng for å kunne gjere vurderingar knytta til kompetansesituasjonen og framtidige behov i einingane.

Arbeidet med funksjonsfordeling i føretaket vil gje nye scenario som bør inkluderast i ein strategisk kompetanseplan.

 

Ved ei framskriving av kompetansebehov skal ein analysere fordelar og ulempar ved no-situasjonen og sjå på framtidige behov, knytta til funskjonar og endra samfunnsbilete. Verkty vi anbefalar er Dugnadsmetoden/SWOT, eller Risikoportalen i Helse Møre og Romsdal (Ikke tilgjengelig). I praksis vil det seie at kompetanseplanen skal innehalde kartlegging av no-situasjon, eittårs-perspektiv, og femårs-perspektiv, dette skal gjentakast årleg, for å forankre planlegginga av kompetanse i budsjettprosessen.

 

Malverktya er meint som ei hjelp til å

  1. systematisere informasjonen ein har om kompetanse og kapasitet i avdelinga,
  2. bidra til refleksjon i høve rekruttering og kompetanseutvikling/ planlegging for framtida.
  3. prioritere og gjere årlege vurdering/ oppdatering av planar for kompetansebehov.

Arbeidsprosess

  • Fase 1: Klinikksjef i klinikkråd legg planar for arbeidet ilag med respektive avdelingssjefar. Fordele oppgåver og roller. Avgjere kva slags historiske aktivitetsdata som er relevante. Tillitsvalde og personalet for øvrig skal involverast. Involver gjerne undervisningsleiar i denne fasen.
  • Fase 2: Avdelingssjefane i avdelingsråd planlegg og systematisere informasjonen ein har om kompetanse og kapasitet i avdelinga i lag med respektive seksjonsleiarar. Avklare roller og oppgåver i høve kartlegging av tilgjengeleg kompetanse/ kapasitet(utrekk frå PRS/ personalavdelinga) og relevante historiske aktivitetsdata(NIMES/PAS, controllerane). Reflektere i høve rekruttering og kompetanseutvikling/ planlegging for framtida, prioritere i høve framtidige oppgåver og behov.
  • Fase 3: Involvere klinikksjefen som komplettere kartlegging med administrative ressursar og justere kva som er/ kan vere relevante historiske aktivitetsdata, og samordnar kompetanseplanen i ein overordna plan for arbeidet med kompetanse i klinikken i den hensikt å nytte den i aktivitetsplanlegging og i budsjettprosessarbeidet. Klinikksjefen initierer ei drøfting av strategiske grep sett i forhold til oppgåver/ funksjon i notid og i framtid.
  • Fase 4: Klinikksjefen planlegge årleg rullering.

Sentrale leiarverkty i rulleringsprosessen: Organisasjonskart og organisasjonsplan. Utvikling-/ medarbeidarsamtalar.

 

Oversikt tilgjengelegkompetanse/ kapasitetNasjonale faglege retningslinjerUtviklingsplanen HMR HFRisikovurdering HMRPlan rekruttering ogkompetanseheving,prioritering 1-5 årLover og forskrifterPrioriteringsrettleiararStyringskortHelse og omsorg -sykehus og kommunerStrategi 2030 Helse Midt-NorgeGodkjente pasient- ogpakkeforløp HMRSamarbeidsavtalar HMRog kommunane i fylketFylkesstatestikken MR 2011Medarbeidarsamtalen (kandokumenterast i KP)Organisasjonsplanar -prosedyre for utarbeidingog vedlikeholdRapportar NIMESSWOT/ Dugnadsmetoden(kvalitativ konsekvensanalyse)Spesialisthelsetenestasine fire hovudoppgåverog behov for framtidaHistoriske aktivitetsdata -kva og korleisMAL Stillingsbeskriving(kan lagrast i KP)Klikk på tekstfelta for åfinne dokument ogmalverktyNasjonale anbefalinger,råd og pakkeforløpHR kuben (brukarnamnog passord)

Ressursar i arbeidet

Utviklingssamtalen (Ikke tilgjengelig)

Dokumentet er ikke gyldig (Ikke tilgjengelig)

Risikoportalen i Helse Møre og Romsdal (Ikke tilgjengelig)

Dugnadsmetoden SWOT

MAL kompetanseplan – ulike avdelingar vil ha behov for tilpassingar i høve tabellane i malen.

MAL Aktuelle historiske aktivitetsdata

MAL Behovet for auka formalkompetanse og kurs - hospitering 1 og 5 år farm i tid

MAL Personleg stillingsbeskriving

MAL Spesialisthelsetenesta sine fire hovudoppgåver og behov for framtida

MAL Tilgjengeleg kompetanse og kapasitet

Powerpoint leiar

 

Gode eksempel:

Dokumentet er ikke gyldig (Ikke tilgjengelig)

Kompetanse- og aktivitetsplan 2024-2027 - Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank (Ikke tilgjengelig)

 

Mange treff og gode eksempel når du søkjer på Kompetanseplan i EQS

Referanser

Strategisk kompetansestyring, Linda Lai; kap 3, Fagforlaget 2004

Helsepersonelloven påpeker det individuelle ansvaret; ”.. skal utføre sitt arbeid i samsvar med krav til faglig forsvarlighet og omsorgsfull hjelp” (§4).

Spesialisthelsetjenesteloven gir eiere og ledere plikt til forsvarlighet; ”..skal sørge for at helsepersonell gis slik opplæring, etterutdanning og videreutdanning som er nødvendig for at den enkelte skal kunne utføre sitt arbeid forsvarlig” (§ 2-3). ”Helseinstitusjoner er pålagt å delta i undervisning og opplæring av helsefaglige elever, lærlinger, studenter, turnuskandidater og spesialister” (§3-5)

Pasient- og brukerrettighetsloven sitt formål er å sikre at helsehjelp som gis, er av god kvalitet (§1-1).  Dette må sees i lys av kravet til forsvarlighet på individ- og systemnivå.

Arbeidsmiljøloven § 4-2 omhandler krav til tilrettelegging, medvirkning og utvikling, hvor arbeidsgiver bl.a. er forpliktet til ”å legge til rette for at arbeidstaker gir mulighet til faglig og personlig utvikling gjennom sitt arbeid”. Regional Handlingsplan for strategisk HR(siste versjon)

Nasjonale anbefalinger, råd og pakkeforløp.

St.meld.nr.47 - Samhandlingsreformen

Nasjonal helse og sykehusplan

 

Lov om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten mv. (helsetilsynsloven)

Ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten med veileder

Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. (helse- og omsorgstjenesteloven)