Legemiddeltjuveri v. 1.4

Hensikt og omfang

Prosedyren skal sikre  rett framgangsmåte dersom det blir oppdaga eller ligg føre mistanke om legemiddeltjuveri. Den gjeld alle tilsette.

Ansvar

Alle leiarar med personalansvar.

 

Fremgangsmåte

 Utførast av

Arbeidsoppgåve

Næraste leiar i samarbeid med personalrådgivar

 

 

 

 

 

 

 

 Det  er enten

  •  Mistanke om eller
  • Tilståing av legemiddeltjuveri
  • Den tilsette vert innkalla til eit møte for å avklare fakta.

Det skal vurderast om den tilsette skal omplasserast og fratas adgangskort/nøkkel til legemiddellager medan ein klargjer fakta før det vurderast om det er grunnlag for suspensjon eller andre arbeidsrettslege konsekvensar jfr aml §15-13 og §15-14

Næraste leiar i samarbeid med personalrådgivar

Vurdering av reaksjon vert gjort i samråd med personalavdelinga.

Til grunn for vurderingane

1.    Tjuveriets omfang og grad av alvor

2.    Signaleffekt og personalpolitiske konsekvensar elles

 

 Næraste leiar

LØN

Dersom arbeidstakar suspenderast, beheld vedkomande løna til det er teke stilling til reaksjon.

Ved midlertidig omplassering til anna stilling beheld ein løna inntil det er teke stilling til reaksjon.

 

Næraste leiar i samråd med personalrådgivar

MELDING TIL POLITI

Alle legemiddeltjuveri meldast til politiet, også i dei tilfella der det berre er mistanke om legemiddeltjuveri.

Uforklarleg svinn av legemiddel skal og meldast til politiet. Kontroll med A- og B-preparat Dokumentasjon (for eksempel vaktliste, regnskapsoversikt A- og B-preparat) vedlegges ved forespørsel.

I dei tilfella der det er grunna mistanke om det er ein tilsett som har gjort legemiddeltjuveri  skal det gå fram av meldinga.

Saka vert utreda og brev om anmeldelse ferdigstillast i klinikk/avdeling/seksjon og underskrivast av administrerande direktør.

Kopi av melding til personalavdelinga.

 

Næraste leiar i samråd med personalrådgivar

MELDING TIL STATENS HELSETILSYN

Alle  saker der det er kjent eller mistanke om legemiddeltjuveri skal meldast til Statens Helsetilsyn jfr.  Lov om helsepersonell §17

Helsepersonell skal på eige tiltak gi tilsynsmyndigheitene informasjon om forhold som kan føre til fare for pasientars sikkerheit  jfr. Lov om helsepersonell §17

Saka utgreiast og brevet med melding til Statens Helsetilsyn gjerast ferdig i klinikk/seksjon og skrivast under av klinikksjefen.

Kopi av melding til personalavdelinga.

Tilsette som oppdager/mistenkjer tjuveri

Meld frå til næraste leiar